Eg jobber som rådgiver i Q-Meieriene i Gausdal og idag kom eg over eit flott postkassestativ hos Marte Stine og Lars Skålenget, i Olstad i Vestre Gausdal. Det er tre-postkasser med bilder som er lagt utanpå - dekorativt og lett å stoppe opp for å sjå litt nærare på. Bileta er laminerte og lagt utanpå postkassa og stifta med ein metallkant som hindrer at dei evt kan verte øydelagde av ver og vind.

 Postkassestativ 1

Apropos vêret - her i Gausdal er vel ikkje akkurat som på Vestlandet men i skrivande stund står graset på rot for 2.slåtten her og bøndene venter på betre vêr - altså mindre regn ... ja er det ikkje det eine så er det det andre!

Men sjå på postkassene - kanskje kan du utføre ei "ekstrem forvandling" på di eiga grøne postkasse? Ideen er gratis og fritt til kopiering!Postkasse 2

Postkasse 3