Ola Kvistad og Leiv Øye Nordang er i ferd med å registrere soldater frå gamle Hjørundfjord kommune som deltok i Tysklandsbrigaden frå 1947 til 1953. Dei har sendt ut henvendelse til ein del etterkomarar, men har fått lite respons tilbake, no vil hjorundfjord.no gje desse karane ei handsrekning ved å sette opp ei etterlysning.

IMG_2687 web Ola Kvistad

Ola Kvistad frå Ikornnes i Sykkylven 

Ola Kvistad var sjølv i  Tysklandsbrigaden i 1952, brigadenr.522  som var den siste kontigenten Norge hadde. Her var han i lag med Leiv Øye Nordang, Magne Årseth, Karl Viddal og Nils Leira etter det han hugsa i farta. Bjarne Hustadnes då? Ja han var der tidlegare og eg huska at han var i brigade 501 seier han. Det var mange herifrå Hjørundfjorden og han har mange namn på blokka si, men der er ein del som ikkje er med, men han skal så snart som råd ta kontakt med Bjarne Riise for han hugsar godt.

Meininga er å få til ei komplett liste og så få det inn i årsskriftet til Hjørundfjord sogelag som ein artikkel. Vi har snakka om det og det er mange som har falle bort etterkvart, så tek vi ikkje å gjer dette no så vert det vanskeleg for dei seinare som måtte ha interesse for å skrive om Tysklandsbrigaden.

Ola og Leiv er ute etter å få kontakt med veteranene eller deira etterkomarar. Han ber om at  han kan kontaktast på post, telefon og mobiltelefon:

    Ola Kvistad, 6222 Ikornnes

    Telefon: 702 51 757

    Mobiltelefon: 920 36 402 

I opplysningane må han ha namn, adresse,   brigadenr. og  tenesteårstal.

 

hjorundfjord.no håpar at dette er til hjelp og  det ville være kjekt om dei som sit inne med bilder og opplysningar kunne legge det ut på portalen. Treng du hjelp, så ta kontakt med kontaktpersonane på portalen. Du kan skrive kommentarar og skrive i gjesteboka dersom du vil sende ei helsing til Ola og dei andre.