Ola og Solfrid Kvistad web

Solfrid(62) og Ola Kvistad(74) frå Ikornnes i Sykkylven, koser seg framfor campingvogna.

 

hjorundfjord .no måtte slå av ein prat med desse to som viste så tydelg at dei er ein sosial trivselfaktor for oss andre. Ola har parkert campingvogna på tunet på Tvergarden på Kvistad som er farsgarden hans. Sonen har no teke over garden og busett seg i huset med sin familie og Ola og Solfrid er på besøk så ofte dei har anledning. Vi måtte kome med våre faste spørsmål som vi har gjordt denne sommaren.

Kvifor er dokke i Hjørundfjorden?

Ferie og så er det å besøke familien vår på Ola sin barndomsheim.

 

Korleis oppleve dokke Hjørundfjorden? 

Å, seier Solfrid, det er freden og friheita frå fabrikklivet på Ekornes fabrikker der ho jobbar, og som ho legg til er verdens finaste arbeidsplass. Det å få feriere i Hjørundfjorden er topp. Ola er pensjonist og freelance møbeltapeteserer.

 

Kva er finaste med Hjørundfjorden?

Natur-fjord og fjell.

- og det verste?

Det er det same, natur fjord og fjell og då tenkjer vi på den fonnfarlege tida. 

 

Har dokke vore i Hjørundfjorden før?

Ola har vore her sidan han var fødd i 1932 og eg har vore her sidan 1962, seier Solfrid.

 

Kva et du når du er i Hjørundfjorden?

Ola meinar han et det same som heime på Ikornnes, men Solfrid er frampå og seier at den beste maten ho har smakt var her på Tvergarden og det var spekemôren til svigermora, den gløymer ho aldri.

 

Har dokke vore i Ørsta?

Ja selvfølgeleg. 

(det siste spørsmålet kunne vi ha spart oss , men det høyrde med, så då så...) 

 

Eg måtte berre kome med eit tilleggsspørsmål:

Så vidt eg veit så har dokke vore faste sydenreisarar kvart år, har det vore syden tur i sommar:

Nei seier Solfrid, som er eit lite hakk framom Ola å svare, vi har kosa oss i sydenvarmen her på Kvistad og har ikkje tenkt på det ein gong. Ola berre nikka og samtykka.

 

Takk for samtalen og hjorundfjord.no vil berre ynskje desse to lukke til framover, vi treng slike folk.

(eg tenkte når eg gjekk at dette her er som det er teke utav framtidsvisjonane til Bygdemobliseringa, der  Ola har fått sonen sin på plass med familien og han sjølv får sjå at garden vert busett att.)

 

Fortsatt god sommar frå hjorundfjord.no.