- Tidlegare  i år gjennomførte Tussa ei marknadsundersøking der vi fokuserte på trådlause soner. Denne undersøkinga viste at mange av kundane våre ynskjer tilgong til trådlause soner, seier prosjektleiar Geir Åge Øye.

-Av undersøkinga kom det fram at ferjekaiene og sentrumsområda var mellom dei mest aktuelle stadane. Desse lokasjonane høver godt med den breidbandsinfrastrukturen Tussa så langt har etablert i regionen, og det var på denne bakgrunn det vart gjort vedtak om utbygging. 

Del av ordinært abonnement
Dei kundane som har breidbandsabonnement frå Tussa, vil få tilgong til dei trådlause sonene som ein del av  det ordinære abonnementet. Kundane vil få tildelt brukarnamn og passord i løpet av september.

- Når det gjeld andre reisemål, vil desse i løpet av hausten kunne kjøpe ulike abonnement og betale for bruken ved hjelp av kredittkort eller mobiltelefon, seier Øye.

Tussa ynskjer også å byggje ut trådlause soner om bord på dei ulike ferjene slik at kundane kan få breidbandstilgong på sjølve ferjestrekningane også. Vi har starta dialogen mot reiarlaga og håpar at vi etter kvart også kan tilby dette, seier Øye.

Under utbygging
Fylgjande stader er under utbyggjing:

Ferjekaier

Volda-Folkestad
Volda-Lauvstad
Hareid-Sulesund
Festøya-Solavågen
Festøya-Hundeidvik
Årvik-Koparnes
Larsnes-Åram
Sæbø-Lekneset
Eiksund-Rjåneset

Sentrumsområde

Ørsta
Volda
Fosnavåg
Hareid
Ulsteinvik
Fiskå
Larsnes
Ålesund