DSCN0161

Thor Hushovd i fjorårets Tour de France. Stiller han på Hjørundfjord-etappa?

Tour de France legg år om anna etappar til andre land. Mest kvart år er syklistane innom eit eller fleire av nabolanda, men eitt år starta løpet i Irland, og det har også vore etappar i Storbritannia. Det vert arbeidd seriøst med etappar i Canada om få år.

 

Arrangørane ynskjer faktisk å kome seg ut. Men det kostar pengar, mykje pengar. Så vidt artikkelforfattaren har skjøna er vilkåret for arrangøren at alle utgifter vert dekte av det landet som får ”låne” rittet nokre dagar. Det vil seie sjølve arrangementsutgiftene, premiepengar, tv-dekning osb.

DSCN0149

Kongen av Tour de France, Lance Armstrong, har lagt opp, og kjem ikkje til Hjørundfjord-etappa.

Men nok om alt som kan gjere dette vanskeleg. Lat oss heller drøyme litt: Tour de France vert tv-sendt i dei fleste land. Tenk følgjande etappe ein gong i framtida: Det er start på Folkestad. Syklistane syklar så rundt Austefjorden og til Volda. Vidare går turen rundt Berkneset til Ørsta via Industrivegen nede ved sjøen. Frå Ørsta syklar ein Vartdalsstranda til Festøya, og derifrå går turen innover Hjørundfjorden.

På Standal rekk syklistane så vidt å sjå den nye hyttelandsbyen ved sjøen, før dagens første stigning startar opp Standalbakkane og til Standaleidet. I full fart svingar syklistane ned til Follestaddalen og til Høgebrua. Derifrå går turen til Åm og rundt Melsbygda til Ose, slik at ein skal unngå løypa frå tidlegare på dag.

Syklistane syklar vidare til Volda, og opp Hoggabakkane til Krøvelseidet. No har truleg nokre av spurtarane byrja å få problem. Frå Krøvelseidet er det full fart svingane ned til riksveg 655, og då set syklistane kursen mot Sæbø.

DSCN0108a

Noko av det artigaste i Tour de France, er sponsorparaden før syklistane kjem. Her er det banken som er hovudsponsor som kjem.

Opp mot Bondalseidet fell nokre fleire i frå, men stigningane til no er likevel ikkje verre enn at dei fleste er med. Ned Bondalen går det styggfort, og syklistane kjem til Sæbø før dei svingar over Hustadbrua og syklar framover dalen på Moasida.

 

På Kvistad kjem det som gjer denne etappen ekstraordinær. Nemleg dei avsluttande kilometrane opp den nye vegen til Skårsalen. Dette er ei avslutning på line med den mest ekstreme som er i Tour de France i dag, nemleg etappen til L’alpe des Huez. Men det spektakulere her er at ein syklar frå sjøen og opp, 1.500 høgdemeter. Sjølve løypa er på om lag femten mil, noko fjelletappane i Tour de France også er på.

DSCN0110a

Frå innspurten i Courchevel i fjor. Bak er dansken Mikael Rasmussen som vann den prikkete klatretrøya. Fremst er Fransesco Mancebo som vart kasta ut av årets tour grunna dopingmistanke.

Alle sykkelløp går på asfalt, slik at vi måtte ha fått asfalt over Standaleidet, og vi måtte altså få bygt vegen opp Skårasalen. Dette ville ha vore fantastisk noregs- og hjørundfjordreklame. No skal ein ikkje vente like mange folk langs løypa opp til Skårasalen som langs løypa til L’alpe des Huez. Der er det ofte nærmare ein million tilskodarar. Så mange folk bur det kort og godt ikkje i Noreg. Men ein folkesfest ville det ha vore.  

Underteikna har vore nokre gonger og sett på Tour de France, og kan skrive under på at det er ein einaste stor fest. Nokre etappar handlar om klatrarane og dermed samanlagtfavorittane. Andre etappar handlar om spurterane, slike som Thor Hushovd. Skulle vi hatt Hushovd- siger i ei Hjørundjfordløype, måtte vi ha droppa alle fjell- og eid-overgangar. Han hadde hatt trøbbel nok med å hengje med over Bondalseidet.

DSCN0085

Det er ikkje så stor skilnad på dei franske alpane og Hjørundfjordfjella.....

 

Hjørundfjorden kunne også hatt ein tempoetappe, altså ein etappe med individuell start. Slike løyper er frå to til fem mil. Hellesylt – Leknes, Ørsta – Sæbø, Volda – Sæbø, Fyrde – Bjørke  eller Barstadvik – Standal er døme på passande tempoetappar.

Det er i alle fall lov å drøyme.