I dag har eg blitt bestefar for andre gong.  Alt gjekk bra - fantastisk.  Kvifor er eg så likevel litt trist?

Sjølvsagt har ikkje hjorundfjord.no noko med dette å gjere.  Heller ikkje har dette  interesse for portalen vår, men likevel:  Syd Barrett er død.  Syd Barrett?  Nei, heller ikkje eg har møtt han, eller sett han.  Likevel veit eg at hans eigentlege namn var Roger Keith Barrett.

Så er det at Pink Floyd er favorittgruppa mi.  Syd Barrett var frontfigur i denne gruppa frå 65 - 68.  Om han fekk sparken, eller slutta av eigen fri vilje veit ikkje eg, men det klikka for han etter kvart. Det var for mykje LSD - altfor mykje.  Visstnok vart han lagt inn på sinnsjukehus også.  Så vart Syd Barret erstatta av David Gilmore i Pink Floyd og like etter vart gruppa ein suksess verda over.

Siste originale CD-en frå Pink Floyd kom ut i 94 - The Divison Bell.  Dette året, nokre dagar før eg vart pappa til Jakob, var eg på konsert med gruppa på Valle Hovin i Oslo.  Eg var saman med bror Jon og 30.000 andre.  Dette var den første, store konserten eg var på.  Fantastisk. Konserten hadde Pink Floyd dedisert til nettopp Syd Barrett.  Eg gløymer aldri denne konserten.  Då  medlemane i gruppa vinka frå scenekanten etter konserten og ropte på gjensyn, ja, då gledde eg meg allereie til neste gong.

Kvifor då trist?  Jau, at denne mannen er død, minner meg om ein ting;  eg får nok aldri meir oppleve ein konsert med Pink Floyd.  No i vinter kom nemleg David Gilmore ut med ein solo-CD. I eit intervju opplyste han at det nok aldri ville verte ein ny turne med Pink Floyd. Det ville verte alt for tavelt med ein slik ny, verdsomfemnande turne. 

Eg høyrer mest på radio, men i traktoren min har eg likevel fire CD-ar.  To av desse er med Pink Floyd. The Divission Bell er stort sett melankolsk musikk.  I morgon skal eg spele denne CD-en.  Spele den heile tida mens eg er i traktoren  Dette gjer eg til minne om den ukjente helten min som døde i frykt for å verte oppdaga av fans og presse.  I tillegg spelar eg den fordi eg likevel lever i håpet om at det snart vert ein ny CD og ein ny konsert med Pink Floyd.