P7050012a

Kva er dette for slags sjømannskap? Undra ein morsk Ola Sæbønes då han fekk møte Sunnmørsposten sine utsende. T.v. Svein Aam frå Sunnmørsposten, Ola Sæbønes og hjorundfjord.no sin Knut Hustad.

Som hjorundfjord.no har meldt tidlegare, er Aam og Årset på tur fjordalangs i Hjørundfjorden. Dei starta måndag på Festøya, og har vore innom både Ytre-Standal, Stavset og Trandal før dei kom til Sæbøneset.

- Vi har hatt det flott. Skal ein oppleve Hjørundfjorden frå sjøen, må det gjerast i ein færing. Då får ein kjenne roa langs med landet. Det er fint for fjorden med skyssbåtane og rutebåtane, men det vert noko anna når ein tek seg tida. Det er då ein får sjå, seier ein begeistra Aam.

 smpJ

- Det vert noko heilt anna å få oppleve Hjørundfjorden når ein siglar eller ror i ro og mak langsmed landet, seier Knut Arne Årset og Svein Aam.

Opplevingar har dei hatt mange av, men røpar ikkje alt til hjorundfjord.no. Noko skal dei halde løynd til reportasjane kjem i Sunnmørsposten.

Litt kan dei likevel røpe: Dei har fått vere med å fiske laks med Svein Stavset. Dei har hatt det løye på Chirstian Gaard, og dei har fått overnatte godt og lunt til no.

- Folk er snille i Hjørundfjorden. Det er stor gjestfridom, seier Årset.

På sjølve fjorden saknar dei fastbuande som er ute og fiskar. Det er mest tyskarar som fyller kvotene sine med fisk.

På Sæbøneset vart det altså ein stopp onsdag. Medan båten låg i hamna (for fulle segl) tok Aam og Årset seg ein tur i Sæbø for å handle. Det var ikkje lange handlelista. Det var snus til Aam.

I Sæbø møtte dei hjorundfjord.no sin Knut Hustad, som dei fekk til å køyre dei ut att på Sæbøneset.

Aarset og Aam ville gjerne få festa på film at dei sigla i fjorden onsdag. Men dei orka ikkje å ro mote vinden for å snu att, og dei fekk haik med Ola, Johan og Kanutte Sæbønes som skulle ut og sjå til nota.

 smpE

Sunnmørsposten måtte få slep av Ola, Johan og Kanutte Sæbønes for å kome seg i posisjon til fotografering. Det heldt på å gå gale...

Utanfor Mineset heldt det på å gå gale. Dei sleppte Sæbønes-båten, og gjorde seg klare til å snu. Men vinden tok tak i segla, og kursen gjekk rett mot Mineset. Aam stakk ut ein fot, slik at han fekk dempa farta, og båten gjekk ikkje på grunn.

 Mineset

Her held det på å gå gale for Sunnmørsposten. Færingen er på full fart mot land, men ein fot frå Svein Aam greier å dempe farta og hindre grunnstøyting.

Omsider fekk dei snudd båten rette vegen, og dei kunne sigle forbi Sæbøneset for å verte fotograferte. Der etter gjekk turen til Skår.