Christian Gaard er kanskje kultplass nummer ein i utelivet på Sunnmøre, og fredag bestemte eit reportasjeteam frå hjorundfjord.no seg for å vitje staden. Ikkje minst fordi Sunnmørsposten hadde vore der tidlegare i veka, og fått laga låta og sommarhiten "Stans på Trandal" til seg.

DSCN1458 

Christian Gaard på Trandal er in-staden i utelivs-Sunnmøre.

 

Då Sunnmørsposten sine utsende starta ekspedisjonen i Hjørundfjorden fekk dei beskjed om ikkje å stanse for lenge på Trandal. Dette las GP, og han skreiv straks visa "Stans på Trandal" som eit motsvar. No går visa som allsong kvar kveld ut månaden.

Hjorundfjord.no sine utsende tok pulsen på Christian Gaard fredag. Vi vart skyssa av Baltasar, husbåten til Christian Gaard. Vi kom kanskje til staden litt seint, for fleire båtar var på veg ut fjorden. Men framleis var mykje folk att. I den nye småbåthamna låg fleire båtar. Trandal er eit midtpunkt om sommaren.

Einar og Marius

Delgasjonen frå Sæbø kosar seg på Christian Gaard. F.v g rundt bordet.: Einar Tvergrov, Marius Strandmann og Svein Jon Holen.

 

Inne på gjestehuset var det stor stemning, og hjorundfjord.no sine utsende let seg rive med. Nokre dansa, og andre song allsongar. GP kan dette med å få folk med seg. I tillegg til "Stans på Trandal" er "Skomværsvalsen" ein slager. Og finst det nokon annan plass der ein dansar til "Eg veit meg eit land? Neppe.

 

Gp

Gunnar GP Pedersen kan dette med å lage stemning.

 

Noko av det heilt spesielle med Christian Gaard er omgjevnadene. Det er bratt og dramatisk. Viss ein tek seg tid, og set seg ned ute på terassen, kan ein suge inn inntrykka frå naturen rundt. På andre sida av fjorden ligg Høydalen, der det budde folk til byrjinga av 1900-talet.

Rune og gun

Turid Rønning og hjorundfjord.no kasta seg i dansen på Christian Gaard.

 

Tilbake til årets sommarhit. Teksten og melodien sit i deg når ein er klar til å forlate Trandal. Og på båtturen heim igjen er det "Stans på Trandal" som gjeld:

Stans på Trandal, slik som folk gjer flest 

Kom til Trandal, og føl deg som vår gjest 

Om du er gamal eller ung 

Om du er syltynn eller tung 

Om du er kvinne eller mann 

Drikk du øl eller vann? 

Så stans på Trandal, 

Ja, stans her på Trandal 

Ein heilt naturleg stad å gå i land  

Vil du ha litt gøy på landet 

Med allsong eller vals? 

Vil du bade ut i vannet, eller leske din hals?  

Vil du ete frå vår grill eller ha litt spekemat? 

Vil du te deg yr og vill eller berre vere lat?    

Så stans på Trandal...   

Vil du sitja på altanen 

Og nyte norsk natur 

Eller myse litt på tausene, berre sånn på lur? 

Vil du dra ein låt på trekkspel eller spelar du gitar? 

Det er her inne i fjorden du kan visa du er kar   

Så stans på Trandal.....

DSCN1450

Utsikta innover fjorden er flott.Til venstre ser vi litt av den nye småbåthamna.