Ikkje eit menneske, ikkje ein lyd. Det einaste ein kunne høyre var skrika til ei kattugle langt vekke. Eg veit at det betyr dødsfall når du høyrer ei kattugle om natta, så eg prøvde å la vere å høyre etter, berre for å vere på den sikre sida.

Gatelyktene hadde så vidt tent seg, og ferga lyste opp ein del av kaia. Det gjorde det heile litt mindre skummelt. Eg kunne spegle meg i det klare vatnet då eg lente meg over kanten. Tankane gjekk til filmen Haisommer. Det var nok best å trekkje eit par skritt bakover, berre for å vere på den sikre sida
ferge2
ferge3

Eg såg utover sjøen. Spegelbiletet av fjella vart forstyrra av noko som hoppa opp og laga ringar i det klare vatnet. Eg skvatt, men måtte smile litt då eg forsto at det berre var ein fisk.

fjell

Bellingen og Slettedal låg der heilt aleine. Eg fekk med eitt lyst på ein hamburgar. Eg såg på klokka. Det var nok lite sannsynleg at Bellingen framleis var open på denne tida av døgnet.

belling_slettedal

bakeri1

Det koselige bakeriet eg kjøper frukost på jamleg, lukta ikkje ferske bollar og smakfulle rundstykke. Hyllene var tome, og venta på at måndag morgon skulle kome.
Men vent! Kva var det? Eg snudde meg brått. I det fjerne kunne eg høyre enda ein fisk som hoppa. Det var nok lurast å halde seg vekke frå vatnet…berre for å vere på den sikre sida.

buss1

Bussen Ingvild eg tek kvar morgon til skulen sto der mørk og stille. Eg byrja å tenkje på at det ikkje var lenge til skulestart. Då var det slutt på å vere ute om nettene for å ta bilete, og deretter sove til 13.00 neste morgon. Kvifor måtte skulen byrje tidleg? Det var noko eg aldri hadde forstått.

sabo2

Eg såg på klokka enda ein gong. Dei heime lurte nok på kvar eg heldt meg. Eg bestemde meg for å spasere heim igjen idet ein mørk van kom snikande. Den slakka på farta då den kom nærare.
Dette vart i meste laget for ein trøytt fotograf med litt for mykje fantasi.
Eg la på sprang og spurta det eg kunne. Bankbakken verka mykje brattare og enda lengre enn den gjorde på dagtid.
Vel oppe kunne eg sjå den svarte bilen køyre sakte bortover vegen og svinge til høgre når den nådde Hustadbrua.

Eg såg meg rundt. Kattugla var nærare no.
Ein bilmotor nærma seg.
Eg slo fast at eg hadde teke nok bilete denne natta.

-Eg er ikkje mørkeredd. Eg held meg berre på den sikre sida…