Risemodell

Rise-modellen er laga av Magne Årseth.

 

Det var for tre år sidan Magne Årseth laga modellen av gamle Rise. Modellen vart avduka under Hjørundfjorddagane i 2003, og kulturvernlaget fekk modellen i eige.

Modellen viser korleis Rise såg ut på 1950-talet, og alle bygningar, vegar osb., er gjenskapt i detalj.

Modellen skal stå på hotellet inntil vidare, og håpet frå kulturvernlaget si side er at flest mogleg skal få sjå han.

- Mange kjem no til Sæbø med t.d. Cruise Service. Då er det eit godt utgangspunkt for ein losa rundttur at ein kan sjå korleis Rise såg ut før ein sjølv går fram dit, seier Ivar Svein Mo i kulturvernlaget.

 Rise

Rise-modellen er plassert på Hotell Sagafjord. F.v.: Kjell Arne Årseth, Sølvi Myrhol, Martinus Riise og Knut J. Riise.