Ordførar Hans-Olav Myklebust var positiv til søknaden.

- På Hjørundfjorden skjer det mykje med både den eine og det andre aktøren for tida, og her er ein ny aktør som vil ta fjorden i bruk. Dette er noko vi bør støtte, og vere positive til, sa Myklebust.

Varaordførar Ola Perry Saure var samd med Myklebust: Det er interessant at fleire får augo opp for Hjørundfjorden, sa Saure.

- Dette er ei grei sak. Det som er viktig, er at vi som held på å utvikle og vil noko med Hjørundfjorden, kjem i gang, sa Asgeir Standal.

Torill Langlo (Ap) fekk forsikringar om at dette ikkje er konkurransestridande i høve dei alt etablerte aktørane i fjorden som Fjord! og M/S Hjørundfjord.
- Og viss det heller ikkje krev kommunal subsidiering, synest eg dette berre er eit kjekt tiltak, og eg håpar at dei får det til, sa Langlo.

Olav Barstad (Frp) var litt skeptisk. Ikkje til ideen om ferjeruta, men til ferjekaiene.
- Allereie no er det trøbbel med ferjekaiene. Det er to kaier både i Solavågen og på Festøya. Viss trafikken aukar mykje, må ein sikkert opp med den tredje ferjekaia også , sa Barstad.

Kjelde:
Møre-Nytt Torsdag 6.juli 2006