DSCN1354

 I Hjørundfjorden har vi skrive nynorsk i over hundre år.

 

Skriv nynorsk

Hovudspråket på hjorundfjord.no er nynorsk. Nynorsk har vore skriftspråket i Hjørundfjorden i over hundre år, og det er ingen grunn til å skifte.

Vi har likevel fått spørsmål, og her skal eg prøve å svare.

Kvifor nynorsk og ikkje dialekt?

Vi godtek ikkje dialektspråk eller SMS-språk på det som gjeld nyhende og artiklar. hjorundfjord.no har som mål å nå nordmenn i heile Noreg. Det gjeld hjørundfjordingar som bur her, utflytta hjørundfjordingar og elles nordmenn som har eit forhold eller som potensielt kan få eit forhold til Hjørundfjorden.

Då er det viktig at vi følgjer den skriftlege målnorma på det som gjeld artiklar og nyhende for å gjere oss forstått. Nynorsk-norma er kjend for alle (Vi brukar e-mål). Viss vi tillet dialekt, risikerer vi å verte ein lukka kanal for hjørundfjordingar og nær geografisk tilknytte folk. Det vert heilt feil med omsyn til bygdemobiliseringa som nettopp har utgangspunkt å nå utover dei heimlege sfærer.

Kan eg skrive bokmål?

Vi er veldig klare over at det i Hjørundfjorden er innflyttarar som har vakse opp med bokmål, og som føler det er deira språk. Viss det er slik at du føler deg tryggast med bokmål, godtek vi sjølvsagt at det vert skrive på den målforma.

Det same gjeld turistar som har vore innom fjorden, og som har lyst til å kome med innspel.

På den andre sida forventar vi at dei bokmålskrivande har følgt like godt med i timen om sidemål som vi nynorskbrukande.....

Rettskriving?

Ikkje ver redd for å skrive feil. Rettskriving er vanskeleg. Det viktigaste er at du legg sjela i det i det du skriv. Er du nøgd, er også vi nøgde. Viss du tvilar, tek eg gjerne i mot ein e-post med artikkelen eller nyhenda, og eg kan rette.

Likevel: Ikkje ver redd for å skrive. Det er innhaldet som er viktig, og er det som tel for hjorundfjord.no

Gjesteboka?

Her kan du skrive dialekt og på alle måtar du vil. Men hugs: Skal du nå utover vennekrinsen din: Skriv på skriftspråket: Nynorsk eller bokmål.

Andre språk?

På sikt vil einskilde sider også kome på tysk og engelsk, men det er ei heilt anna sak.