Fred Ingar er ein ivrig golfspelar.  I går kveld ringde han. Norkre dyr hadde nærast "poppa" opp inne på greenen(ane) på golfbana i Volda.  Ja, desse dyra hadde kort kort og godt gjort det vanskelegare å få ballen i holet. (Heiter det å putte?)

Eg tenkte først at dette var ei dårleg orsaking for ein dårleg dag på golfbana, men i dag sende han meg desse to bileta.  Kva er dette?

DSC02739

Foto:  Fred Ingar Somby

Kan det vere ein myrstankelbein som har vore inne i dette skalet?

No reknar eg sjølvsagt med at Sunnmøre forsøksring ved Even Øverbø er ein ivrig lesar og brukar av hjorundfjord.no.  Han må kunne svare på desse spørsmåla.

Avslutningsvis vil eg legge til at eg i alle høve så seint som den 15. juli oppdaga myrstankelbeinlarvar i levande live.  Var det ikkje slik at desse dyra skulle sverme rundt jonsoktider, eller seinast innan utgangen av juni?  Og kva om alle desse dyra legg egg i attelegene på nytt til hausten? (Ja, dei er ivrige til å pare seg)  I så fall - kan vi til neste vår frykte same problema som egyptarane fekk med grashoppene då dei nekta jødane å reise ut av Egypt?

Her treng vi ei snarleg fagmessig vurdering, elles så kan kanskje også Volda og Ørsta Golfklubb gå problematiske tider i møte.  Kan det også vere myrstankelbeinen som har gjort at golfspelarane Henrik Bjørnstad og "Tutta" har gjort det litt dårleg i det siste?

Knut Hustad

P.s.:

Etter at eg skreiv dette innlegget, fekk eg tilsendt eit foto frå Ivar Svein Mo.  Dette er eit kjekt bilete.  Vi ser korleis stareflokken skal til å gasse seg i graset.  Gasse seg med kva?  Myrstankelbein - sjølvsagt.

Foto: Ivar Svein Mo

Det mest gledelege med dette biletet er nok ikkje at starer et myrstankelbein - den karen har nok gjort den skaden han skal for i år allereie.  Nei, det gledelege er at vi ser ein stor stareflokk her i Bondalen.  I hekkesesongen såg vi han knapt.  Vi får vona at alle fuglane lovar godt for neste sesong.

d.s.