TrandalT

Tor Eirik Trandal har gjort eit stort arbeid med å byggje opp hjorundfjord.no

Hjørundfjordportalen kom i gang seinhaustes i fjor, og har sakte men sikkert bygt seg opp som ein treffstad for hjørundfjordingar, fastbuande som utflytta. 

Vi som styrer med hjorundfjord.no har store ambisjonar. Målet er ikkje mindre enn å gjere hjorundfjord.no til den naturlege treffstaden for hjørundfjordingar. Og ikkje berre det: Vi ynskjer og håper at også andre skal finne fram til denne internettportalen for å gjere seg kjende med Hjørundfjorden. 

Vi byggjer portalen opp med nyhende frå fjorden og med artiklar. Vi har eit flott biletgalleri, og vi har nyleg lagt inn aktivitetskalenderen for Hjørundjforden. Lurer du på kva som skjer i fjorden, kan du finne det på hjorundfjord.no. 

 P7050012a

Knut Hustad er ein av fleire viktige leverandørar på hjorundfjord.no.

På portalen ligg det også inne ei meir eller mindre fullstendig oversikt over alle lag og organisasjonar i fjorden, og etter kvart vil også næringslivet finne sin plass. Vi håper og reknar med at næringslivet vil finne portalen så interresant at dei også betalar for annonsering. Omtale som nyhendesak er sjølvsagt gratis.

Etter kvart skal vi også greie å få presentert skikkeleg alle reisemåla og attraksjonane som er i Hjørundfjorden. 

DSCN1467

Rune Sæbønes latar som han tenkjer. Oftast er det tankeløyse.

Skal vi utvikle hjorundfjord.no vidare, er vi avhengige av di hjelp. Skjer det noko i fjorden, skriv om det, og ta gjerne eit bilete. Med å registrere deg som brukar, kan du sjølv enkelt leggje inn stoff. Viss du ikkje ynskjer å leggje inn stoff sjølv, eller er litt usikker, send ein mail til kontaktpersonane for portalen, og vi hjelper til. 

Det er Hjørundfjord Bygdemobilisering som no står bak portalen, og vi har fått bygt han opp med mest alt hjelp frå Tor Eirik og Håkon Trandal.