Og sommarane med hesjing var fylte med berg og dalbane-kjensler. Treboler i hendene gjorde at det nok var mange som drøymde om å få den hydrauliske hesa til hæs-tech på marknaden.

Som sagt var det å få graset oppi hesa den tyngste jobben. Når so dagane med varme hadde gjort sitt, og ja, det var mykje varmare og finare om sommaren før i tida, var det på tide å får høyet i hus.

Om hesjing berre hadde innebert å ta ned høyet frå hesa og køyre det i hus, ja då hadde det ikkje vore noko å snakke om. Eit sikkert teikn på at den kjekkaste delen av arbeidet var i anmarsj var når pappa  køyrde ut høysvansen med ”grabb” ut av løda (eller har den eit eige namn? du Knut veit sikkert kva det heiter?). Resten av året hadde høysvansen sin vande plass innerst i kroken, og var nok sjeleglad for å sleppe ut og lufte seg ein gong eller to om sommaren. 

Denne høysvansen med ”grabben” kunne frakte mykje høy i slengen, noko som gjorde at det vart eit høgt lass med høy. Og for ein 6-åring var det sjølvsagt stor stas å sitje på høylasset når torrhøyet skulle i hus. 

Så når ein tenkjer etter så var det kanskje ikkje så gale med hesjing likevel. Eg liker i alle fall å spare det beste til slutt. Då gjer ein gladeleg grovarbeidet fyrst for så å få løn for strevet etterpå. Då er det noko anna med potetdyrking. Der er den desidert kjekkaste jobben fyrst. Å sitje på potetsetjaren og putte potetene i hola som gjekk rundt var jo berre kjekt. Ingen som tenkte nokre månader fram i tid då ein kom til å stå med bøygd rygg i dagesvis og kanskje ikke finne ei einaste potetkjerring eingong…  

Men attende til hesjing. Av debatten etter Knut sitt innlegg (eller var det attlegg…) kan ein sjå av bileta under at vi hadde på ein og ein streng om gongen, til liks med det Kjell Frøland er van med. Ellers lærte eg noko nytt når eg las at ein delte skorene inn i snarskorer og klyfteskorer. På Kvia kalte vi det berre skorer.

  Hesjing_1

Underteikna følge godt med når pappa Inge set opp den
fyrste strengen på hesa.

 hesjing_2 

Mariann Mathiesen var ikkje van med hesjing frå Oslo, men gjorde ein framifrå innsats. (Bårgarden i bakgrunnen)

hesjing_3

Ivrig hesjegjeng anno 1979. Alf Ole, Bente, Mariann og Judith.

hesjing_4 
Mariann og Judith ser ut til å vere særs nøgde med dagens innsats. 

(Alle foto: Anita Aarseth Ørstavik)

God sommar og god hesjetork J
Kjell-Johan