Alpehorn på Solbakken

Alpehorn på Trandal. Den mystiske blåsaren er avslørt. Han har spela både i Trandaldalen og på Nes. 

I ein halvtimes tid, pluss/minus, var det einkvan som leika seg med fjella med trompeten sin, og også onsdagen omkring same tid kom det igjen trompetlydar frå fjella, men etter det vi kunne forstå var lydkjelda no lenger nede enn dagen før. 

Ingen har sett nokon bærande på blåseinstrument, og ingen har såvidt eg veit anskaffa seg slikt på Trandal. Sjusovarane

Kven var personen som spelte så vakkert i skumringa? Kvar høyrer han heime og kvar skulle han? 

Kvifor bestemte han for å spele trompet akkurat i Trandaldalen? Eller var han eigentleg i Trandaldalen? Vi hadde lyden nesten i surround, så det var vanskeleg å høyre kvar lyden kom ifrå, men vakkert var det, og det hjalp mykje på humøret. 

Nysgjerrigheita vart stor og vi flokka oss derfor "frampå bakken", som er beste utkikspost i Inngarden. Sjølv om det var litt lys under spelinga vart det for mørkt til å kunne skille personar frå steinar og tre.

Kvar stod denne personen å spelte og kvifor?

Spørsmåla er mange, og svara er få.. Kanskje publikum kan hjelpe på?

Takk til Per Jarle Trandal som oppklara mysteriet for oss. Løysinga på gåta står som fyrste kommentar.