I Martinesgarden på Moane i Bondalen tok dei i bruk oksen til trekkdyr som var vanleg på andre kantar, men svært sjeldan her med oss. Min onkel, Jørgen Mo, var svært interessert i jordbruksarbeid og dyr. Han var ein svært tolmodig mann når det galdt å temje unghestar, og i slutten av 50 åra, truleg i 58 var der behov for meir trekkdyr attåt øykjin til å køyre gjødsel og få unna vårvinna, og då måtte oksen ut å gjere nytte for seg.

 

Oksebilde frå Moå for web

Gråkolle oksen i arbeid med mykravogna.
På bilete ser me Jørgen og bestefar Rasmus Mo(med taumane) i Martinesgarden på Moå ca.1958 (foto Ole Mo)


Etter eit tolmodigheitsarbeid greidde onkel Jørgen å temje oksen så han fekk
bruke han i arbeidet på garden, men det var ikkje enkelt. Oksen vart
brukt til gjødselkøyring,pløging og anna forfallande arbeid.Onkel Jørgen
fortalde at når han skulle pløge og det vart sol, så la oksen seg ned, og
då var ikkje råd å få han på beina før han sjølv ville. Den siste
jobben ilag med han kom han halvvegs oppetter lødebrua og so bestemte
oksen seg for at han skulle snu nedatt, og det gjorde han og braut av
sjekene på vogna, då var det slutt på tolmodigheita til onkel Jørgen
også.
Desse gråkolleoksane var ikkje alle tider så gode å ha med å gjere for dei kunne være til tider svært så lunefulle og tildels olme, folk hadde gjennom tida avla på oksar med egenskapar som skulle beskytte buskapen mot rovdyra.

Når bestefar døde i juni 1959 flytta onkel Jørgen til Villane der han hadde kjøpt fremste garden og  dreiv han med liv og lyst så lenge han makta, med utbygging og dyrking av garden som la grunnlaget for det største bruket i dalen i dag.

Onkel var ein likandes kar og ein god kammerat, så når eg besøkjer Villane i dag, så kjem dei gode minna fram frå den tida han møtte oss med ei velkomst helsing og viste glede for å få besøk.

Han døde 10.april 1999  

Ivar Svein Mo