Hjorundfjord.no tok turen i Kvistaddalen for å sjekke besøket i det fantastiske veret som vi hadde på søndag og parkeringsplassen ved enden av vegen var omtrent full med ca. 40 bilar, som er rekord.

Turen gjekk mot Vasstøylen der vi traff på telt med familiar som kosa seg med bading og fisking. Fire mann frå Ørsta Volda distriktet hadde overnatta i telt og benytta tjangsen til fisking. Konklusjonen var at fisken var liten så her må meir beskatning til så oppvekstvilkåra vert betre. 

IMG_2483

Fråv.Tore Sørheim,Eivind Ryste,Leif Vartdal og Jon Arne Sætherås

 

Karane hadde steikt fisken og var i god stemning etter eit godt måltid. Ungar og dei andre i familiene som var på støylen, hadde ikkje noko problem å bade i det kalde vatnet.

Midt i enden på Kvistaddalen ligg fjellet Tua. På venstre side ligg Kvamsedalsfjellet som er den tradisjonelle råsa til Kvamsedalen og den andre sida ligg Longhorndalen som også er ein fin turveg for å kome i Kvamsedalen. 

Hjorundfjord.no som var berre ute på ein søndagstur for å lokalisere kvar folk held seg valde Longhorndalen i runda, med sikte på å gå heilt i Kvamsedalen. 

STB_2493

Frå Longhorndalen mot Longhornet som ligg rett ovanfor Vasstøylen.

 Eg fekk oppleve Longhorndalen i den finaste sommarstemning ein kan tenke seg og det vart knipsa bilete i eit strekk.

Når eg kom opppå høgda og såg nedi Kvamsedalen så venta eg å sjå mykje folk i kikkerten, men det var berre tre fire personar som hadde gått mot dalen.

STA_2499_1 Kvamsedalen

Kvamsedalen i den fantastiske sommervarmen.Ein ser såvidt i Trollvatnet

 

IMG_2503_1 Hustekkene med Tyssevatnet i bakgrunnen

Hustekkene som går loddrett ned på baksida, på høgre side ovanfor vatnet. I kløfta midt på bilete kan ein skimte Tyssevatnet.

 

For å få oversikta så måtte eg oppå Tua og det gjekk greit, og her fekk eg sjå kvar folket har teke vegen.

 

STA_2509

 Folk var sjølvsagt på veg eller hadde vore på Skårasalen. Her ser ein råsa oppover Blåhorndalen med Skåradalskjeften i enden.Her i frå Skåradalskjeften kan ein gå eller renne på ski ned Lisjeskåradalen mot Hjørundfjorden.(ski er vel litt seint på året no)

 

Jau folk var på Skårasalen og det er utruleg kor spreke folk er som greier denne turen alle for ein, det er no rett nok rekna for ein fin familie tur, men ein skal ha eit minstemål med kondis alikevel.

IMG_2518_1 Sætra og Høgehaugen

Frå Tua hadde eg ei fantastisk utsikt i Kvistaddalen med mjølkekyr som beitar i lag med fellesfjøsen og dei nyslegne markane rund gamlesetra.Til venstre nedom fjøsen ligg Årsetsetra.

 

Kvamsedalsturen vart no frå seg slutta for tida hadde gått frå meg i rein nytelse med fotografering og bruk av kikkerten. Eg gjekk dermed ned på Midreset og kom ned til to nydelege fjellvatn.

IMG_2521_1 Kvamsedalsfjellet

Fjellvatna på Kvamsedalsfjellet spegla seg i sola.

 

Turen gjekk videre heimover Kvamsedalsråsa og kom ned på Vasstøylen att. Ved Høgehaugen der bilane stod traff eg fire damer som hadde vore på Skårasalen og kunne melde at der var mykje folk att oppi fjella. Som den uerfarne reportar eg er, så kom eg meg ikkje til å ta bilete av desse damene, som kunne ha vore ein fin avslutning til denne artikkelen.

Til opplysning så er der god bilveg frå Kvistad heilt opp til 550m/o.h og det kostar kr.30,- for personbil.

 

(Alle bileta kan klikkast på for å få full størelse)