Torbjørn Urke presenterte konfirmantane og fortalde frå konfirmasjonsdagen 1.juli 1956. Med var sokneprest Olav Ekelands tredje konfirmantkull i Hjørundfjord. Me minnest Ekeland som ein flink pedagog. Me var på førehand spente på om vi greidde å svare for oss på kyrkjegolvet, men presten var flink til å stille spørsmål og hjelpande ekstraspørsmål så me kom oss velberga gjennom den obligatoriske katekisasjonen.

Ein god ballast
Under førebuinga av jubileumssamlinga hadde somme av oss drøfta om ikkje dagens konfirmasjonsførebuing førebur betre for vaksenlivet enn all den pugginga me måtte gjennom for femti år sidan. Me kom til at det er verdfullt det som vert lært i dag, men den femti år gamle lærdomen er og ein god ballast i livet. Urke takka for kyrkja sitt initiativ der m.a kyrkjetenar Eldbjørg Tvergrov hadde vore aktiv for å få dette til. 

Den svenske Norden-representanten, skulesjef Ove Klitby helsa kyrkjelyden på vegne av åtti svenske, finske og danske venskapskommunefolk som denne helga var gjestar i Ørsta og Volda. Dei hadde vorte mottekne med ein hjertevarme dei sette stor pris på, sa han. Og no, etter å ha vitja Ivar Aasen-tunet, skjøna han retteleg kvifor nordmenn så gjerne ville ha eit nynorsk språk.

Velklang og høgtid
Bondalskoret under leiing av Bruno Hame song frå orgelgalleriet og skapte både velklang og høgtid. Ein svensk bunadskledd nyckelharpetrio spela vakre melodiar frå kordøra, femtiårsjubilanten Oddfrid Hustadnes las tekst for dagen frå lesepulten. Oddfrid er syster til klokkar Kjellaug Hustadnes Hustad som og las tekst for dagen.

Sokneprest Kåre Øygard preika over teksten om den bortkomne sonen. Knut Åmås deltok under nattverdsliturgien. Organist Leif Langdal sytte for solid instrumental støtte under salmesongen og sette punktum for festgudstenesta med eit brilliant postludium.

Mintest medkonfirmantar
Etter at gudstenesta samlast me konfirmantane på kyrkjegarden der to av våre medkonfirmantar er gravlagde; Svein Aarset og Svein Slettedal. På vegne av oss alle la Petra Tverberg blomar på gravene til desse Sveinane me så gjerne skulle hatt saman med oss på denne dagen. Petra minte oss om at livet og døden høyrer saman, det er ikkje sjølvsagt at me får leve så lenge me har lyst å leve. Derfor må me lære å telje våre dagar og nytte tida vel.

Sosialt samvær
Me samlast så til sosialt samvær med middag og kaffi på Sagafjord Hotell. Steinar Nordang leia denne samlinga med liv og humør og fekk oss til å fortelje litt om kva me hadde drive på med desse femti åra me har vore kvar for oss. Eldre har me vorte, men kanskje ein kan seie meir forstandlege og. Den ungdomelege fysne kan vere godt å minnast. Sjølv om ikkje lemmer er like lette, er kanskje det som var meir forklåra, og tanken meir forsona. Me opplevde at sjølv om me no ikkje lenger var ungdomar så kjende me oss att når Vinje skildrar alderen med å seie at "Det SAME hjarta er som eldre bankar" . Eit gildt konfirmasjonsjubileum.

Torbjørn Urke
konfirmant anno 1956