Etter nokre fine og avslappande dagar hos svigerfar i Fredrikstad, var det berre ein ting å gjere; kome seg til topps på Store Smørskredtind.  Paul (Schmidt Skylstad) hadde trass alt bombardert meg med tekstmeldingar frå ulike fjelltoppar i Norangdalområdet  i fleire dagar allereie.

Nye smørskredtind0006

Her er Paul - kongen av Store Smørskredtind.  Høgare kjem ein ikkje på denne tinden.

 

Sist torsdag var det framleis godt og varmt om morgonen, men likevel pakka eg sekken som om vêret skulle verte dårleg seinare på dagen.  Det var nok ikkje det dummaste eg har gjort, men aldri om eg legg ei nymotens drikkeflaske i lag med kleda meir…

 

Di vi nådde toppen, hadde vi allereie fått oss ei lita skjortebløyte.  Heldigvis skein sola igjen straks etter, men skyene truga.  Det var berre ein ting å gjere – leite fram dei gode og tørre kleda.  Tørre?  Det synte seg raskt at ulltrøya mi var gjennomvåt, langbuksa like eins og ein slik dings som ein trer over hovudet var også våt.  Kliss våt.  Det vert siste gongen eg har ei slik sportsflaske i ein fjellsekk  I nødsfall kan ho få vere med i ei lomme på utsida.  Heldigvis hadde eg hue og skikkeleg jakke.

Nye smørskredtind0004

Her ser vi at sola skin over Sæbø, men skodda og skyene tek til å krype oppover mot Slogen.  Rett bak- og over Slogen, kan ein skimte  Kolåstinden.

 

Det tok ikkje lang tid før det small rundt oss. Lynet slo som piskeslag og regnet hølja ned.  Etter kvart overtok haglbyene.  Heldigvis er der på toppen ein stad der ein kan få litt le.  Der sat vi mens det verste uvêret herja.  Det hadde nok heller ikkje vore så lurt å stå oppreist på toppen og late seg blitzfotografere av lynet.  Eg valde også å fylgje Paul sitt råd:  Ei våt langbukse er betre enn ein våt nylonshorts.  Likevel fraus eg etter kvart  slik at eg rista.  Difor orka eg heller ikkje å ta fram fotoapparatet frå sekken mens torevêret herja.

Nye smørskredtind0003

Her kjem torevêret frå aust.  Det er mørkt nede i Norangsdalen. Her er ikkje underteikna kledd for haglbyer, nei. Kvitegga lengst bak til høgre.  Skruven til heilt til venstre.

 

Nei, eg var ikkje direkte redd, men det hadde eg vore utan Paul.  Heldigvis er det svært god friksjon i fjellet, sjølv i regnvêr,  på austsida av Store Smørskredtind – ned i Langfonndalen.  Og turen ned gjekk utan problem om enn nokre timar seinare enn planlagt.

Nye smørskredtind0005

 

Vêret er som kjent skiftande på Sunnmøre.  Her har vi kome ned til punktet "Utsikten" nest i Langfonndalen.  Ei tekstmedling om at alt står bra til, høyrer med.

Skal eg prøve med ein liten moral til slutt, må det vere at ein har skikkeleg med klede i sekken dersom ein skal på ein litt lengre fjelltur.  Ja, og slike nymotens vassflasker/reklameflasker av dårleg kvalitet brukar ein i beste fall berre til joggeturen.