Denne veka har veret vore omskifteleg. Varmt har det forsåvidt vore heile tida. Men det har vore nordaust og sørvest. Det har vore skyfritt, og overskya. Og det har vore torever og lyn.

 P7040059

Tidleg i veka var det klarver og varmt. Dette biletet er teke i 21-tida om kvelden. Sola skin inn fjorden, frå nordvest.

 

Då er det det slår ein: Takka vere veret har vi eit spesielt  lys i Hjørundfjorden. Kanskje er det ikkje så markant som ute ved kysten, men med fjorden og fjella som kulissar, kan lyset spele og vere hovudrolleinnehavar i ein dramtisk film.

Når uveret slår til ein sommardag, og det kjem så brått som det plar gjere i Hjørundfjorden, er det ofte sola ikkje heilt vil sleppe taket. Ho vert pressa opp i eit hjørne. Slik var det på Sæbø torsdag kveld.

 

Sæbøsentrum

Sola nektar å sleppe taket på Sæbø sentrum. I resten av Bondalen har gråveret teke over.

 

Etter kvart måtte også sola gje tapt når det galdt Sæbø, og uversskyene vann. Godt ladda med elektrisitet, sette toreveret in. Det buldra og lynte, men etter ei kort tid vart det mykje klarare. Likevel, har toreveret vore kraftig, ser ein på lyset at noko har skjedd. Svovel har vorte frigjort i lufta, og det er eit gult skjær over fjorden.

 

Torever

I ytste del av Hjørundfjorden er det framleis ganske klart. Men i Storfjorden har uveret starta. Viddal har fått regnet og toreveret.

 

No er vermeldingane variable. Dei fleste av oss ynskjer nok finever, medan andre fryktar for lange periodar med godever. Regnet kombinert med varme gjev god vekst, og med tanke på moldokseinvasjonen tidlegare i år, ynskjer vel bøndene ver som gjev mykje gras til andreslåtten.

Ved sida av spisse tindar, og ein djup fjord, er det grønfargen som gjev Hjørundfjorden eit særpreg. Den fargen har alt vatnet æra for. Kanskje skulle vi av og til også prise uveret...?