Dagens turist 006_edited

Kvifor er du i Hjørundfjorden?

For å roe ned, ha det hyggeleg og ikkje minst fiske.

Korleis opplever du Hjørundfjorden?

Eg er her på 35. året.  Det seier vel det meste.

Kva er det finaste ved Hjørundfjorden?

Umogleg å svare på.  Alt heng saman - fjell, fjord osb.  Her er eit fantastisk omland.

Og det verste?  Ingen ting.  (hjorundfjord.no prøver her å hjelpe han:  Kva med regnet, kva med gjødsellukta?)  Nei, ingen ting.  Utan regn, inga elv.  Utan lukt, ikkje folk.

Har du vore i Hjørundfjorden før?

Som eg alt har svart;  dette er 35. året vi er her.

Kva et du når du er i  Hjørundfjorden?

Noko tek vi med oss, noko mat handlar vi og av og til dreg vi ut på Hustadneset og fiskar oss sei eller lyr.

Har du vore i Ørsta?

Ja, ikkje så ofte, men vi har bil her.