Bernt Arve

Altmulegmannen Bernt Arve Hustad finn ein på dei mest utrulege stader.

 

Laurdag var hjorundfjord.no eigentleg ute i anna oppdrag. Vi skulle lage ei sak på M/S Hjørundfjord sine første tre månader. Det er berre å vedgå det, hjorundfjord.no vart litt skipla då Bernt Arve vart observert på taket.

Likevel varte overraskinga berre nokre sekund. Ein vert ikkje overraska over dei stadene ein finn Bernt Arve. Han er overalt, og gjer ein stor innsats for bygda.

Det set bygdefolket pris på, og i romjula fekk Bernt Arve velfortent æra av å verte kåra til Årets bondaling i 2005.

Laurdag var han hyra inn som elektrikar av reiar og båtførar Oddvar Olsen. Han skulle ha ei overhaling av M/S Hjørundfjord. Bernt Arve skrudde og fiksa til det som fiksast til skulle.

Slik er det med Bernt Arve også på andre arenaer. Om det er hos Røde Kors, eller hos ungdomslaget. I Røde Kors kunne ikkje valet på depotsjef ha vore betre. Med Bernt Arve har hjelpekorpset i Ørsta full kontroll over utstyret sitt.

I idrettslaget er Bernt Arve klippesjef. Han har eigentleg aldri klaga, men dei siste åra har det vore eit slit å klippe bana. Kapasiteten på samlaren har vore for dårleg, og i regnver, som det er ein del av på Sæbø, klikka klipparen kvar gong.

Difor var gleda stor då først årsmøtet, og seinare styret, sa ja til innkjøp av ein ny klippar. Ein Ferrari. Bernt Arve tok i mot vedtaket med takk. Han reiste sjølv til Sørlandet for å sjekke klipparen, og i vår kom han på plass. Sidan har grasbana og treningsfeltet halde VM-standard. No kosar Bernt Arve seg med klipparen.

Men tilbake til taket på M/S Hjørundfjord. Skulle de høyre fløyta til båten ein av dei nærmaste dagane, og lyden er klar og fin, ja då veit de kven som har sytt for det.