Aksla- Gjertrud
Ho bestemor Marta fortalde meg ein gong om ei taus inna Aksla som var så kritisk til kva ver ho måtte ha for å gifte seg. Det måtte ikkje vere varmt, for då vart ho så sveitt, det måtte ikkje være kaldt for då fekk ho gåsehud, det måtte ikkje regne for då vart ho våt i håret, og ikkje vind som ruska henne til og det måtte heller ikkje være sol, for då kom ho til å myse, og då tok ho seg ikkje godt nok ut. I ettertid har dette veret fått namnet Aksla- Gjertrud veret.

Eg byrja å lure på om ho Gjertrud nokon gong vart gift og byrja å bla i Hjørundfjordsoga på Aksla. I 1754 vart det fødd ei jente der som heitte Gjertrud, ho døydde som ugift tenar før 1825. Bestemora hennar heitte også Gjertrud og var fødd kring 1685.

Det store spørsmålet er kven av dei var det eigentlig ho Bestemor snakka om? Eg spurde henne aldri om ho Gjertrud vart gift.Bestemor brukte ofte dette uttrykke når veret var slik, og det har nok vore brukt inne i Aksla og omegn  sia ho Gjertrud var ung, og det byrjar å bli nokre år sia… Bestemor var også ein kløppar med små ljåen til ho var fleire og åtti år, og ho gjorde nokre tapre forsøk på å lære meg kunsten, men kommentaren var ofte; ”Her ser det ut so Aksla-merra he vore!”

Er det nokon som har fleire lokale uttrykk?