Våre fremste politikarar - noverande og tidlegare - har slått det fast ein gong for alle:  Ørstafjorden er ein betre turistfjord enn Hjørundfjorden.  Alt ligg betre til rette i Ørsta sentrum - Ørstafjorden er vakrast og sentrum er unikt.

DE1FC8AB.jpg

 

No seier rett nok Anita Vadset i Sunnmøre Guideservice til Sunnmørsposten i dag "at de satser på å utvikle Ytre Søre Sunnmøre og Hjørundfjorden som de neste store turistmagnetene" men ho veit nok ikkje det nemnda for cruishamn i Ørsta veit, eller...

Til stor glede for oss som bur i Hjørundfjorden er det no fleire selskap som har nyoppdaga fjorden og her er fleire båtar kvar dag - og det utan kommunal økonomisk støtte.

No veit vi at politikarar frå denne no vidgjetne nemnda har vore fleire turar til Oslo for å kjempe for utkantkommunen Ørsta.  Godt er det, men dei same politikarane gløymer vist utkantane i eiga kommune.  Forstå det en som kan.  No kan det no hende at det berre er eg som meiner at denne nemnda er på villspor og kanskje har eg mistydd.  Eg veit ikkje.  I Møre Nytt for i morgon har eg eit lesarinnlegg der eg stiller ein del spørsmål - og når eg får svar vert nok alt mykje klarare.

Hjørundfj.0002.jpg 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette biletet er teke frå???

Helsing Knut Hustad