- Vi skal ha søndagsope i sommarsesongen. Kor lenge utover sommaren dette vert, har vi ikkje bestemt enno. Vi vil også føre søndagsaviser, som er eit nytt tilbod på Sæbø, fortel Torbjørn Slettedal hos Joker Sæbø.

Slettedal driv også kiosken på Hjørundfjord camping. Opningstidene til denne vert ikkje påverka av at også butikken har sønagsope.

Frå før har Bellingen på Sæbø søndagsope.