nordic.JPG

Nordic Sky tek femti passasjerar, og er spesialbygt for turane i Hjørundfjorden.

Då gjekk turen til Sæbø med passasjerar frå Ålesund og Langevåg. Passasjerane kom inn føremiddagen, og nytta dagen godt. Dei fekk måltid på Sagafjord Hotell. Hotellet ordna også med losing kring om på Sæbø og i nedre Bondalen. Mellom anna fekk følgjet ein tur i kyrkja - og til gamle Rise. Når båten går i rute, er stoppestadane Trandal, Sæbø og Øye. Det vert umiddelbar retur til Ålesund, der båten ligg i to og ein halv time, og då går ettermiddagsturen inn fjorden. Det vil seie at båten også er eit godt tilbod til hjørundfjordingar, og til turistar som oppheld seg i Hjørundjforden, som vil til Ålesund eit ærend.

Meir om saka i Møre-Nytt.