Som ca. 110 brukarar av Hjørundfjordportalen har oppdaga, la eg den 4.5.06 ut ein liten artikkel om ein tur som svigersonen, Fred Ingar Somby, og eg hadde på Skårasalen på påskeaftan.  Planen var å renne ned til Skår, men vi fann ikkje fram på grunn av ufyseleg vêr.  Det er mange som i vinter har runne  ned Lissjeskåradalen og eg tillèt meg å be om at det vart lagt ut foto frå nedkøyringa her på portalen. Og kor mange har gjort det?   INGEN!

Ikkje ein gong den nyoverhalte Risebonden – Bondalen sitt svar på  William Cecil Slingsby – Knut J. Riise, betre kjent som LarsaKnut, har brydd seg om å kome med kommentar eller legge ut eit foto.  Har han ikkje runne ned Lisseskåradalen tru?  Mest sannsynleg ikkje.  Dei færraste av oss har nemleg teke  denne flotte nedkøyringa vinterstid.   Ein har vel meint at det har vore for farleg.  Men igjen må vi få vite av andre kor vi finn dei flottaste turane/nedkøyringane.  I Dagbladet i fjor  påstod Eivind Eidseslott at nedkøyringa ned Lissjeskårasalen var ei av Noregs flottaste. 

Det var ingen veg utanom. Vi måtte gjere eit nytt forsøk på å renne ned denne vidgjetne dalen.   Den 30.april gjekk Fred Ingar og eg på nytt på Skårasalen.  No var vêret kort og godt flott.  Rett før vi nådde toppen på Skårasalen, tok eg kontakt med Oddvar Olsen og ”Hjørundfjord” for å få skyss tilbake til Sæbø frå Skår.  Denne dagen fekk Oddvar to ”skiturar” Sæbø-Skår-retur.  Ein kan og ta ferja som går ca. klokka 18 frå Skår til Sæbø.  Eg kan ikkje forstå anna enn at med litt planlegging og annonsering, vil langt fleire enn i dag nytte seg av ”Hjørundfjord” tilbake til Sæbø.  Eg tilbaud nokre andre som var på Skårasalen denne dagen skyss til Sæbø.  Dei måtte takke nei på grunn av bilane deira  som var parkert i Kvistaddalen, men dei meinte at skyssen til Sæbø var eit fantastisk tilbod.

Og la det vere sagt med ein gong:  Nedkøyringa til Skår var svært så flott.  Slett ikkje for bratt – det er brattare ned på Kvistadsida – og så seint på året var det heller ikkje fonnfare.  Litt rumling i fjellet av små solfonner var det rett nok, men ingen fare.  Einaste minuset var at vi det var såpass seint på året at vi ikkje kunne renne heilt ned i fjøresteinane.  Så neste år LarsaKnut, Lars Petter og alle andre skientusiastar veit de kvar ein av skiturane må leggast.

 DSC02075.jpg

Underteikna på veg mot Skårasalen igjen.  Dukhornet i bakgrunnen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DSC02089.jpg

 

 

 

Her har eg akkurat "teke av" ned Lissjeskåradalen.


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Lissjeskåradalen 0005.jpg

 

 

 

Her kjem Fred Ingar over ein annan kant.


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


 
 
Lissjeskåradalen 0006.jpg
 
 
 
 
 

 

 

 

 

 

 

 

Studer teknikken.

Lissjeskåradalen 0007.jpg

 

 

 

Fred Ingar har ikkje tid til å stanse.  Neste sving er under planlegging.


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 


 
 
 
 

Lissjeskåradalen 0003.jpg


 
 

Så er det berre å halde fram heilt ned til fjorden.


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Rett nok vart låra mine litt sure etter kvart, men kva gjer vel det ein slik dag?

Helsing Knut Hustad