Når ein deltek på dugnadsarbeid, ynskjer ein at det arbeidet som vert gjort skal syne att.  Difor meinte nokre av oss at grunning av kyrkjegardsgjerdet med den "usynlege" grunninga Visir var vekkasta arbeid.  Men Bruno (Hame) var sterk og klar:  Skal sluttresultatet verte godt må grunningsarbeidet gjerast skikkeleg.  Når så sjefen sjølv, Jostein (Kvistad), var samd i dette, var saka avgjort.

Kyrkjegarden 009_edited.jpg

 

Bruno(Hame) gjorde skikkeleg arbeid.  Han pussa mesteparten av gjerdet åleine med sandpapir.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Kyrkjegarden 010_edited.jpg

 

I fråvere av sokneprest og soknerådsleiar, var Jostein (Kvistad) den naturlege organisatoren og sjefen under dugnadsarbeidet.  Han leidde arbeidet med naturleg autoritet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kyrkjegarden 008_edited.jpg

 

Det kan røyne på både rygg og kne når ein skal måle/grunne eit gjerde. Men Ståle(Walseth) veit råd - set deg ned.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Midtveis under arbeidet vart det nærast krise - det vart for lite grunning.  Men takka vere kombinasjonen Jostein, Normann (Dimmen) hos MålarOlav i Ørsta og drosjesjåfør Gunnar(Lyshagen), kom ny grunning så raskt på plass at vi ikkje fekk 5-minutt ein gong.

Men klokka 1207 presis dukka kyrkjelydssekretær Eldbjørg Tvergrov opp med påsmurde Hjørundfjordbrød frå Strands bakeri - sjølvsagt.  Etterpå var det berre å halde fram til dagens arbeid var ferdig.

Kyrkjegarden 013_edited.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tomas (Hustad)t.h. planlegg led/port i kyrkjegardsgjerdet.  Konulent Gunnar (Lyshagen) er ikkje heilt nøgd.  Difor vart kom også Jostein (Koppen) til med gode råd.  Foto under.

Kyrkjegarden 015.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kyrkjegarden 021_edited.jpg

 

Men Stein (Skår) han likar best å stå når han målar..

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kyrkjegarden 016.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På fotografiet over er nok ikkje Jostein og Ståle så "heldige", men sjå kyrkja i bakgrunnen.  Den har kort og godt blitt vakkert med nytt tak og legg merke til dei nymåla bordene(loddbordet) under takrenna.

No fekk vi ikkje måle gjerdet i dag, vi fekk berre grunna det.  Men allereie førstkomande torsdag er ny dugnad planlagd.  Torsdag 22.6.06 kl. 1730.  Møt opp om du kan.  Vert vêret dårleg denne kvelden, vert neste dugnad laurdag den 24.6.06.  Eg er sikkert på at etter at målararbeidet  er avslutta, vert kyrkjegardsgjerdet så vakkert som det kan bli. Det får same farge som listene på kyrkja i bakgrunnen.