Jonsokkveld på Stavset 23.6.2006
Geitabonden ved Hjørundfjorden
Legg Jonsokkvelden til Stavset. Der får du oppleve gamalt kulturlandskap og historia om garden der geitene hjelper til med å halde landskapet i hevd. Det vert servert ”geit i kål”, smaksprøver av kornøl og mjød – og anna drikke til.
Jonsokbål, musikk og dans ved stranda.
Båt frå Bjørke kl. 16.45 via Viddal til Leknes 17.05
Frå Sæbø 17.15 med buss frå Standal til Stavet.
Også buss (idrettslagsbussen) frå Sæbø kl.16.45 til Stavset.
Retur frå Stavset kl. 23.00
Billettar: Båt Bjørke/Viddal kr. 100 t/r
Båt/buss Sæbø/Leknes kr. 60,- t/r
Kulturkvelden alt inkl. (ikkje mat og drikke) kr 180 (kr 150 stud/pensjon.)
Arrangør: Hjørundfjord kulturvernlag i samarbeid med Dei Nynorske Festspela
22.06.2006 11:02
Kommentarar