portalen

Ivar Svein Mo (t.v) og Tor Eirik Trandal ser fram til å presentere hjorundfjord.no under Hjørundfjorddagane

På datarommet på skulen, i andre etasje, vil hjorundfjord.no ha stand, og der vil det vere fem datamaskinar folk kan nytte seg av. Vi inviterer folk til å surfe rundt på portalen sine mange sider, og gjere seg kjende med innhaldet.
Vi håper også å få til ei kontinuerleg framvising på videokanon av biletgalleriet vi har på portalen. Dersom du ikkje kan vente, er det berre å leite fram til bildegalleriet no. Der er det mange flotte bilete,
I tillegg vil hjorundfjord.no sine folk vise kva ei god nettside kan vere. Vi kjem til å ha fortløpande rapportering frå dagane, om kva som skjer, om folk som er til stades, og elles kva som måtte røre seg. Sjølvsagt er vi interesserte i tips, og det er berre å kome til hjorundfjord.no sin stand for å fortelje ei god historie.

Sjølvsagt vert det også på hjorundfjord.no sin stand ein presentasjon av bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden, og kva ein no held på med.