dscn1249

 Apalen i full blomst

På Sæbønes indre er det berre tre apalar, og rett nok har dei ikkje vorte behandla slik apalar skal, med årviss pleiing. Likevel, når trea ber frukter er det stas. Det er flott å gå ned til apalane om hausten, plukke nokre eple, og leggje dei i fruktskåla på stovebordet.

Diverre må eg vere ærleg, og vedgå at dei fleste eplene går til sauene. Dei elskar nedfallsfrukt, og kanskje er det godt fôr for dei også.

Den bløminga vi no har i pinsa, er uansett herleg. Det påverkar humøret. Blømande apalar fortel at trass i skodde, regn og sju grader, kjem det betre tider.

 

dscn1246

Ein blømande apal er flott å sjå når veret ikkje verkar særleg godt inn på humøret.