Hjørundfjorden Bygdemobilisering

Styringsgruppa

 

 

 

 

Dato: 07.06.06

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Postboks 5091, Majorstua 

0301 OSLO

Fråsegn 420 kV-kraftleidning Ørskog-Fardal

Hjørundfjorden Bygdemobilisering sender denne fråsegna som gjeld deler av trase 1.0 og 1.2 ved kryssing av Hjørundfjorden og føring mot Kolåsen i Ørsta kommune.

I Statnett sitt forslag til utgreiingsprogram som vart presentert på NVE sitt folkemøte i Ørsta 11. mai, er landskap, friluftsliv, naturmiljø, verneinteresser urørt natur ført opp som tema for nærare utgreiing. Dette støtter vi, men vi vil likevel meir spesifikt rette søkelyset på Hjørundfjorden som eit verdfullt ”landskapsrom”, eit omgrep, presist eller ikkje, som vi vil søke å definere som spesielt utgreiingstema. Eit landskapsom er ein avgrensa del av eit landskap, eit utsyn, ei oppleving av ein landskapsdel.

Hjørundfjorden som landskapsrom, har stor verdi som faktisk inntektsgrunnlag innafor turisme/reiseliv, men også som rekreasjonsområde der den økonomiske side ikkje er så synleg. Den status som dette rommet hadde for ca. 100 år sidan, er i ferd med å bli attreist gjennom mange ulike satsingar. Mulegheitene til utvikling heng nøye saman med fjorden og fjella sin attraktivitet. Hjørundfjorden er i dag ikkje eit ”urøyrd” område, men ei fjordkryssing med denne leidningen og ei eventuell føring langs land på vestsida av fjorden (trase 1.2), vil vere eit særs stort inngrep. Det same vil 1.0 alternativet vere då det går i nær urøyrde fjellområde forbi Molladalen og ned Romedalen der lina og mastene kjem i konflikt med eit verdfullt landskap og med tindane.

Vi håper NVE vil sjå til at desse verdiane vert dekt av tema i ei slags heilskapsvurdering innafor eit omgrep som kan vere eit LANDSKAPSROM, og be Statnett utgreie dette. Vi ser gjerne at eit slikt tema vert definert i lys av behov ved andre ulike utbyggingsprosjekt som kan vere ved kysten (eksempelvis vindkraft), i fjordane eller i innlandet.

Samfunnsinteressene i denne saka er store, men vi håper likevel at det lukkast å avstemme ulike ulempar og fordelar slik at den minst uheldige traseen vert valt. Vi ønskjer som sagt å få tilstrekkeleg fokus på verdiane dette ”landskapsrommet” har for framtida der vi sannsynlegvis får færre og færre store områder med små inngrep.

Med venleg helsing Kopi: til reiselivsorganisasjonar 
 og Ørsta kommune.

Ivar Svein Mo – leiar