I dag har eg sått attlegget.  Noko seint, javel, men utan tvil er ei slik hending eit av høgdepunkta for ein bonde og agronom.  Og kanskje gjev det grunnlag for ei lita ”markering”?

Tid for filosofering.

Nei, vi plukkar knapt stein lenger, men likevel får ein god tid til å filosofere der ein sit på traktoren og ser på steinriva, eller meir korrekt; tindane, som går rundt og rundt.  Og rett før eg skal til å så tvingar spørsmålet seg på – har eg fjerna nok stein?

Vitskap.

Bestefar, eller KT (Knut T. Hustad), som Monsen (Monrad Moe) kalla han, hadde heilt sikkert ikkje vore nøgd.  Å lage til eit attlegg var vitskap frå A til Å.  Steinrive og flaks var ikkje noko for han.  På Årsethaugen er det mykje elvegrande og då er det også mykje stein.  Det var bestemor Pernille som var skipper på Årsethaugen, men bestefar var sjefen på stein. 

Før grasfrøet kunne såast i attlegget,  måtte det plukkast stein – mykje stein. Truleg var bestefar ein av dei få som likte å plukke stein.  Med den svarte skipperluva på hovudet og snusøskja i lomma, var han vanskeleg å stoppe.  Det var ikkje bestefar som kommanderte oss, men borna måtte også vere med å plukke stein – i jar(n)bøtter.  Tunge bøtter som klaska blåflekkar på leggane måtte så slepast bort til ei trillebår som igjen måtte trillast etter fastlagde spor bort til ei traktorskuff, grøft, røys eller liknande.    Alle steinar – ned til ein storleik av hagesingel ( i alle høve nesten) – skulle bort.

Snus og femkroning.

No var eg ikkje noko naturtalent for bondeyrket sjølv om eg var odelsgut – til bestemor si store fortviling.  Ho sa det ikkje rett ut, men ho meir enn antyda at eg hadde mykje å lære av han Per borte i Storemyrhola.  Likevel likte eg å vere i lag med bestefar.  Han sa knapt eit ord, men det kunne hende eg fekk han til å fortelje ei historie frå Amerika.  Det kunne og hende at bestefar betalte meg for steinplukkinga - ein heil femmar.  Dette var i den tida femkroningane var store og blanke.

Men det var ikkje berre steinen som skulle bort.  Like stort sirkus var det når attlegget skulle slåast.  Det var ikkje snakk om å bruke slåmaskin, nei.  Langorven var reiskapen ein slo med.  Så skulle graset lessast opp i trillebåra som så skulle trillast til traktoren. Sjølvsagt skulle ein heller ikkje no trille over alt.  Attlegget var strengt forbode område for traktoren.  Og dersom attlegget var ugrasfritt og skulle hesjast – nei, eg orkar ikkje tanken…

Slåmaskin og svans.

No vil eg sjølvsagt ikkje fornærme nokon, men eg hugsar spesielt ein gong tante Anna ringde til bestemor.  Ho og onkel Jørgen (Aklestad) hadde sett noko forferdelege greier.  No veit eg at tante Anna og onkel Jørgen  rekna seg som gode vener av Anna og Martinus Mo, men no måtte det ut:  Dei hadde sett at Martinus slo attlegget med traktorslåmaskin.  Og ikkje berre det – han hadde brukt traktoren og svansa graset saman etterpå også.  Dette var visst det verste som hadde hendt i dalen det året – i alle høve til då….

Sagging.

Nei, bestefar KT fekk ikkje sjå nokon bonde på Årsethaugen som plukka stein med traktor – i alle høve ikkje i ein traktor med aircondition og  radio.  Kanskje var det det beste. 

Men bestefar var framleis ikkje ferdig med steinplukkinga sjølv om attlegget var ferdig slått for året.   Når nyattelega var nysleia  året etter, plukka han også stein.  Han pirka opp delvis fast småstein og putta steinen i lommene til alle var fulle.  På denne måten dreiv han med buksesagging lenge før ein visste kva sagging var for noko.  Bestefar var ingen tung mann, så var nyattelega lang, vog steinen i lommene meir enn sjølve mannen før attelega var passert.

Dynamitt.

Nei, det var MoaMartinus som var føregangsmannen på åker- og attleggsarbeid.  Eg har ikkje våga å spørje sonen Rasmus, men det gjekk sterke rykter om at Martinus brukte dynamitt til gjødselspreiinga.  Han køyrde ut gjødselen med traktorskuffa  i mykradungar og i dungane plasserte han – ja, nettopp –  passe store dynamittladningar og fyrte av.  Eia var vi der. 

Regn og øl.

Men i dag rulla eg ikkje attlegget sjølv.  Den jobben tok Karoline seg av.  For nokre år sidan stoppa eg ved eit attlegg for å slå av ein prat med ein god bondalsbonde.  Det var sonen som sat på traktoren og rulla det nysådde attlegget.  Regnbya stod framme i dalen, men bonden feira med ei pils at han hadde fått sått før regnet kom.  Eg måtte vere samd med han i at såing av eit attlegg var god nok grunn for litt feiring.  – Men kva om regnet hadde kome før du fekk sått, undrast eg.  – Ingen problem, svarde han.  – Då hadde eg blitt så deppa at eg måtte ha drukke pilsa likevel…  Det var vel det som kunne kallast ein vinn -  vinn situasjon.

Helsing ÅrsethauaKnut.

P.s:  Som de ser av bileta, ligg (Bår-)Storesteinen midt i attlegget.  Ja, eg har fått spørsmålet mange gonger – skal ikkje steinen fjernast?  Nei, den skal få ligge, i alle høve så lenge eg bestemmer.  Alle som har vakse opp på Årset har måtte teke manndomsprøva – nemleg å kome seg opp på steinen utan hjelp.  Det skal den oppveksande slekt  få halde fram med.  Rett nok er det bora eit hol i steinen og han er prøvd sprengd – heldigvis har ein gjeve opp, men holet og sprekken i steinen syner at ein har prøvd.

Attlegg 004.jpg
Når ein ser på steinriva, gjer ein sine tankar..  

Attlegg 006.jpg
Per i Storemyrholen var flink til å jobbe han...  Storemyrholen i bakgrunnen.  Halsen ligg øvst. Ein slepp å vente på at nordavinden skal stilne når ein brukar traktor og såmaskin.
 Attlegg 008.jpg
Det er Karoline som tek seg av rullinga av attllegget.
 Attlegg 009.jpg
Storesteinen skal få stå. Elles er det nok litt mykje stein igjen, ja..