saeboe

Skårar alltid: F.v.: Marius Riise, Jomar Leknes og Kai Arne Skår.

 

Sæbø vann 7-0 mot Flø på Sæbø stadion fredag kveld. Sæbø leia 2-0 ved pause, og dominerte kampen frå start til slutt. Kai Skår vart kampen sin store spelar..

Sæbø tok leiinga etter 7 minutt. Det var eit fantastisk flott angrep, der Kai Skår til slutt fekk lagt inn til Jomar Leknes som nikka ballen i mål via stonga og inn.  Etter 35 minutt vart det 2-0. Då kom Øyvind Wille til på sidelina, og fekk lagt til Marius Riise som nikka ballen i mål.

Andre omgang var ikkje meir enn tre minutt gammal før det vart 3-0. Skår kasta langt inn, og Leknes nikka ballen i mål. 4-0 kom ti minutt seinare. Då la Skår inn til Riise, som skåra sikkert.

Skår var også nest siste mann på 5-0, som kom tjue minutt ut i andre omgang. I staden for å skåre sjølv, la han til Leknes som skåra for ope mål. No ville Skår vere med på skåringane sjølve. 6-0 laga han etter pasning frå Wille, og det siste målet var ei styring på eit skot frå Jan Tore Sæbønes.