saeboe-aaheim
 Sæbø sine målskårarar mot Åheim. F.v.: Terje Stokke, Jomar Leknes og Marius Riise

Med sigeren mot Åheim tok Sæbø sin tredje strake siger på heimbane. På bortebane har det vorte ein uavgjort og eit tap. Tapet kom på Legene mot Åmdal.

Mot Åheim vart Sæbø sine mål skåra av Marius Riise (2), Jomar Leknes (2) og Terje Stokke. Det var 3-1 til pause, etter at Åheim sjokkopna med å nta leiiinga etter fem minutt. Etter det var det berre Sæbø.

Sæbø skal torsdag spele på bortebane mot Moltustranda. Dette er ein utsett kamp frå første serierunde. Med siger vil Sæbø vere med heilt i teten i sjette divisjon.