Dette er tankar eg har hatt om desse områda det gjeld i lang tid, og eg er nesten sikker på at det hadde drege folk til stadane;lokale personar som turistar!

Eg forstår det slik at De arbeider med å få turistane til Hjørundfjorden, og at fjorden kan bli ein slags avlastning for Geirangerfjorden.

Kan ein då syne utlendingar og nordmenn som kjem dit at ein har spanande ting å by på her, er det større sjanse for at dei kjem attende ved ei seinare anledning.

Bygdene på Sunnmøre MÅ overleve, og det er vesentleg for både turismen og lokalmiljøa at verda vert nyfikne på kva her er å sjå!

Dramatisering av gamle-dagar
Ein har skuleklassar som vert truga med nedlegging og flytting, og ein har lokale krefter som vert nedprioritert, grunna sentralisering. Der kan reiselivet vere med på å vedlikehalde bygdene.

Det eg ser for meg, er ei slags dramatisering av bygdelivet slik det var i gamle dagar.

Når eg har reist gjennom Norangsdalen, Øye, Urke osb. kjenner eg ei heilt eigenarta stemning.

Det er stader med sjel, og fjordbygdene har mykje historie å by på. Dette er områder som i mange århundrer har vore prega av arbeid, slit og strev for å få endane til å møtest! Men det er og plassa som har bevart samhaldet, og som ynskjer å overleve.

Folk før i tida var ikkje vande med gode vegar, transportmoglegheiter og handelsverksemd slik som byane og større distrikt har hatt. Det var i dei fleste sine tilfelle arbeid frå morgon til kveld, med dyr, born, klede som skulle lagast, frukt og grønt som vart avla og hausta,mat laga frå grunnen, dyrehald....eg ser i det store og heile eit konstant arbeid for og mot naturen! Arbeide for å halde på naturen, og arbeide for å verna seg mot den! Men dette er jo ting eg slepp å fortelje til De som kjem fra stadane.

Båtar og karjolar med finare folkeslag kom til hotellet på Øye,gamlefar som stod bak ei nøv og beskua det heile med ei kritisk mine...-kva var dette for fintfolk?

Seterjentene som arbeidde med sitt, i kveldssola oppover markane,gardane med sitt virke, lefsebaking, "kønnjøl",. Born og gamle i salig samspel, under dei voldsomme fjella og dei grøne markane som betek oss den dag i dag! Dette er stader som slumrar, men som eg trur kan vekkast oppatt!

Kvifor ikkje lage eit spel, eit "teater"som kan drage turistar inn i kvardagen fjordfolket hadde, med alle desse elementa?! Der kor ein syner folk i kleda frå perioden, dei gamle dialektene osb. Reiser ein til utlandet kan ein sjå slike dramatiseringar både i samanhang med museer, gjestegårder, osb.

Bygdene kom først
Eg studerer sjølv reiseliv, og ser kor viktig det vert å halde på kulturen og dei"gløymde"stadane etterkvart. I tillegg bor eg i ein by, og utan å snakke negativt om byfolket, så ser eg at ein treng dei gamle tradisjonane! Det var bygdene som kom først! Ei verkelegheitsdramatisering der publikum stend få meter unna og vert underhalden og dels dregne inn i stykket, er alltid effektfullt!


Alle detaljar rundt dette vert jo naudsynt å sjå på etter kvart,men eg trur at dette kunne vere liv laga!

Håpar forøvrig at du forstår kva eg vil fram til, og skulle det vere spørsmål til det eg seier, stiller eg gjerne opp! Håpar at det er mening i ideen, og at det kunne verte utførd ein gong, med eller utan mi hjelp! "Dagar" som bygdene held, på somrane eller liknande, kunne jo vere ypperlege periodar å framføre slikt under.

Teaterfolk, lokale krefter og liknande ville moglegens vere til hjelp for å gjennomføre det.

Eg er spent på kor De reagerer...


Med venleg helsing M.Vinje

Les meir om dette på forumet:
http://www.hjorundfjord.no/forum/viewtopic.php?t=13

PS: Prøv å være flinke å komme med kommentarar til innlegget. Skap debatt!