Vi var i kontakt med Forsøksringen  om dei dårlege markane som er i år og det er skada grasrot over store delar av søre Sunnmøre og fekk dette svaret tilbake frå Even Øverbø:

 

Det er katastrofale dårlege utsikter for grasavling i år og det er rimeleg sikker på at mykje av problema skuldast myrstankelbeinlarver.  Viss ein tek og grev i øvste 1 - 2 cm av jorda der enga er tynn (eller kanskje har ho dauda ut) og finn larver som dei du ser på bileta eg har lagt ved, er det myrstankelbeinlarver som har skulda for tynn eng.

Dscn2333_thumb.jpg 

 

Even har også lagt ved eit par bilete som syner skader som dukka opp sist veke i Vanylven.  Mandag 22.5 var han ein tur i Austefjorden og Skjåstaddalen og såg på skadar etter myrstankelbeinlarvane der.

skader_paa_eng  

 

Han trur det er fleire som er interessert i å få tips om kva som kan vere problemet med enga og kva som kan gjerast for å bøte på det.  Ei kjapp markvandring (1,5 - 2 timar) vil vere det beste i så måte.  Han tilbyr å ta ei markvandring i Bondalen onsdag 24.5. Dette må vi kome tilbake til seinare i dag.

myrstankelbein_larver_i_jorda 

Vi kjem tilbake med meir opplysningar så snart Even kjem att frå reise i dag. 

 

 Onsdag 24.5.06

Even Øverbø stilte i dag på kort varsel på markdag hjå oss i Bondalen. Ni bekymra bønder stilte opp for å få vite kva som skjer på enga som skulle stå grøn og fin no, men er sterkt angrepen nedanfrå.

markdag_24.05.06 

Her er det nok larver frå myrstankelbein som har forsynt seg og dei var ikkje vanskeleg å finne. Larvene til myrstankelbeinet(langføtting) lever i jord, vanlegvis av røter til gras. I herjingsår kan larvane angripe ein lang rekke planteslag i tillegg til gras, så som korn, kålvekster osv.Larvane gnager då spirer og unge planter heilt eller delvis over. Ved sterke angrep kan store areal verte snauete. Vestlandet er spesielt utsett. Larveangrepet føregår i mai og juni fram mot jonsok.

I fuktige netter kan larvene leve opppå jorda og gnage over nederste blada. Avgnaga blad kan verte trekte delvis nedi jorda og det vert store skader på enga som me ser no i desse dager og larvene et videre fram til jonsok og då har enga fått varig skade og må fornyast ved å pløge opp og så i nytt frø.

markdag_24.05.06_bilde_2.

Even grev her og finn overgjødde eksemplar av larvar som vil ete like fort som det veks nye planter. Det vi såg var at eng som var 2-3år var mest angrepne og det vart anbefalt å prøve å så i frø av raigras for å få ein nokolunde andreslått og erstatte plassen til graset så ikkje ugraset kjem, for fyrsteslåtten vil vert sterkt redusert.

Det er registrert over 200 artar av stankelbein i Norge, men berre ein art, myrstankelbein(Tipula paludosa Meigen), er med sikkerheit påvist som skadedyr. Myrstankelbein er utbredt over heile landet nord til Bodø-området.

Voksne stankelbein er lett gjenkjenneleg på dei lange beina og eit par lange, smale vinger. Myrstankelbein er ein forholdsvis stor art med ei vingelengde på ca. 2 cm. Langs forkanten av vingene har myrstankelbein ein markert brun strek.

myrstankelbein_bilde
 

Årsaka til det store antalet med larver er den våte hausten vi hadde 2005 der myrstankelbeina kunne legge egga på dyrkamarka og det kom ikkje tele som ville ha kverka mesteparten.

Framsynte bønder som har gjødsla kraftig med gylle mot ei frostnatt har kverka store meingder med larvar ved at dei fraus ihjel, etter dei kome opp på overflata. Ellers så må ein rekne med at fuglen, som no treng mykje mat til dei nye ungekulla, vil kome å forsyne seg av dei fine kjøtstykka som ligg under overflata.

markdag_24.05.06_bilde_3.

Ved oppsummering til slutt med kaffi og litt kjeks vart det både alvor og litt galgenhumor. Ein kommentar var at slåtten vert mykje kortare i år og vi kan lett få ei ekstra ferieveke.

Noko avlingsskadeerstatning er ikkje å få til insektangrep, har vi fått opplyst frå landbrukskontoret.

Det ser ut som det er mest timotei som stend på menyen til denne larven, men ellers så er appetitten god både i hagar, parkanlegg og grasbane. Vi opplever i desse dagar at hjorten beiter på overflata og moldoksen forsyner seg av røtene så dei skada områda veks for kvar dag.

Vi ber alle som har gode idear og erfaring med tidlegare angrep skrive kommentarar til dette temaet.