Skreiv ein mail til nokre fjordfolk i andre fjordar, og set noko av innhaldet hit til fjordsida vår: 
Helsar dykk!
Vonar de har hatt ei god påske, med tid for oppleving og ettertanke. Vi to besteforeldra som sit att her "i ei fjøre på Møre" har hatt nokre storarta besøk, og elles er internett og SMS stadig til nytte - og skaper kontakt og oppmuntring til og frå seks stk avkom m/fam her og der i den norske geografien.
Fuglane har fugleting ikring oss døgnet rundt. Tjelden skjenner på kråka eller lagar sine vakre stillferdige kalletonar, - og i går, 1.påskedag, fekk også Enok sjå at linerla har slutta seg til laget. No er det berre staren og svartkviten som let vente på seg. Opp med fugleholkane! Vi må ikkje liggje ette'!
Eg har nettopp lese den siste romanen av Jan Inge Sørbø om komponisten Fartein Valen "Symfoni No.3, Opus 41". Ei stemningsfull og personleg bok, i periodar som eit prosadikt. Historia om Fartein Valen er eit unikt epos om "utkantmennesket", misjonærbarnet med bakgrunn i vestlandsk bedehuspietisme (radioandakten i radio, Søren Gangfløt ved orgelet) som snakka sju språk flytande og brøytte nye tonevegar, - den atonale musikken. Gripande og lærerikt, til å gle seg over og til å bryne seg på. Ligg eit utdrag på www.hugen.no
For noko sidan fekk eg ei anna bok i gåve: "Den siste langrennaren" av Gudmund Skjeldal. Ei historie om Kristen Skjeldal og snø. (Gudmund skriv om broren Kristen). Eg er ikkje ferdig å lese, men her, igjen, eit reflektert utsyn frå ein veldig liten plass i bygde-Noreg. Det handlar mykje om ski og snø, med skjemt og underfundig refleksjon attåt - og mykje kunnskap om langrenn og samfunnsutvikling.
Så putlar eg og les litt i "Blikktrommen" av nobelprisvinnaren (1999) tyske Günther Grass, ein forfattar som utan stans skriv originalt og overraskande, frå avsnitt til avsnitt.
Og eg held eit lite samfjordauge med etableringa Hjørundfjordportalen www.hjorundfjord.no  I ledige stunder jobbar eg med å gjere meg kjent med opplegget, og når det fell seg slik, legg eg inn ein skjerv. Dei digitale hjelpemidla er blitt fleire og fleire, men dermed er det også blitt tøffare å etablere seg og SYNLEGGJERE seg på nettet, og fylle "sitt" med innhald.
helsing Ruben Fjordmann