Desse møtte: Per Atle Røe, Ivar Svein Mo, Randi Nordang, Linda Stokke. Eldrid Øye, Kjell Otto Holen og Knut Hustad.  I tillegg møtte Knut Åmås under sak 14/06.

 

På dette møtet vart Randi Nordang formelt vald til kasserar i Styringsgruppa.  Vi set pris på at ho sa ja.

I samarbeid med Irene Osvoll har ho gått gjennom- og ført bilag så langt.  Under denne saka understreka leiaren, Ivar Svein Mo, at vi alle må hugse på å skrive timelister.  Det er svært viktig at dette også vert gjort av alle som deltek i dei ulike prosjekta.

 

Når det gjeld nemndene som arbeider med ”Skårasalvegen” og ”Samdrifter/landbruksgruppa”, så vil Knut Hustad kalla inn desse nemndene til møte med arbeidsutvalet i styringsgruppa på Bondalen grendahus tysdag 2.5.06.

 

Småbåthamna på Sæbø er framleis eit viktig prosjekt å få gjennomført.  Leiaren i gruppa som arbeider for dette, Knut Åmås, orienterte om arbeidet så langt.  Men så langt har ein ikkje fått offentlege pengar frå Ørsta kommune til dette arbeidet.

 

Styringsgruppa vil ta kontakt med styremedlem i Ørsta næringskontor, Rådmann Per Hovden, for å få vite kva som skal til for at ”småbåthamnprosjektet” skal få utbetalt dei kr. 100.000,- det er snakk om til, til småbåthamna ved Sagafjord Hotell.  Knut Åmås vil framleis vere ein motivator for dei ulike partane slik at vi kan få ei småbåthamn snarast råd.

 

Ny gymnastikksal på Sæbø er svært viktig å få bygd.  Etter ynskje frå foreldre, vert Karl Asgeir Sæbønes styringsgruppa sin representant i nemnda som arbeider for ny gym.sal.  Sæbønes møter i arbeidsgruppa for Sæbø sentrum.

 

Arbeidsgruppa for Sæbø sentrum held også fram med ei tillaging av området ”Kapteinskvia” i Sandvika på Sæbø og ein vil også snart ha ein dugnad for å gjere prestegardsområdet finare enn det er i dag.

 

Naturlos-/guidekurs vert det på  Hotell Sagafjord på Sæbø den 31.5. og 1.6.06.  Den 23.5.06 vert det eit førebuande møte.  Også det på hotellet.    Styringsgruppa vil søke økonomisk støtte til dette kurset, m.a. frå Ørsta kommune.  Kurset vert etter kvart godt annonsert, m.a. i Møre Nytt.

 

Reklamebrosjyre for Hjørundfjorden har tidlegare arbeidsutvalet gått inn for å få laga.  Denne brosjyra skal verte lett tilgjengeleg på stadar der turistar og andre ferdast.  Styringsgruppa gjorde det formelle vedtaket om å løyve pengar til prosjektet.  M.a. vert det brukt pengar gjeve av Sparebanken Volda Ørsta til brosjyra.

 

”Hjørundfjordportalen” er også ei prioritert oppgåva.  Rune Sæbønes  orienterte om arbeidet så langt.  ”Hjørundfjorddagane” vil verte nytta til PR for denne portalen og plass har Rune allereie tinga.  Under desse dagane vil det også verte selt t-skjorter påtrykt hjorundfjord.no.

 

Lokale til nedskjering av slakt har styringsgruppa fått førespørsel om.  Arbeidsutvalet vil ta opp denne saka på eit seinare møte.

 

Bondalen grendahus manglar videokanon.  Ei god slik kanon kostar kr. 16000,-.  Styringsgruppa har sjølv til tider trong for ein slik reiskap og vil støtte eit innkjøp også økonomisk.  Storleiken på beløpet vil ein kome tilbake til seinare.

 

Knut Hustad

skrivar