I tillegg til arbeidsutvalet – Ivar Svein Mo, Rune Sæbønes, Per Atle Røe, Bjarne Rekkedal og Knut Hustad – møtte desse særskilt inviterte gjestane:  Kjell-Arne Aarseth, Margrethe Rekkedal og Kjell Rune Klubbenes.

 

Den første saka som vart drøfta, var den gledelege meldinga om at Styringsgruppa har fått kr. 100.000,- frå Sparebanken Volda og Ørsta.  Sparebanken har kome med ynskje om korleis delar av pengane skal brukast.

 

Arbeidsutvalet bestemte at ein skulle få laga ei brosjyre om Hjørundfjorden – ei brosjyre som skal lokke turistar og andre til Hjørundfjorden, eller få dei som allereie er her til å vere her over lengre tidsrom.   Brosjyra må vere lett tilgjengeleg, den skal leggast ut på passasjerbåtar, hotell, campingplassar osb.  Arbeidsutvalet vil ta kontakt med lokalkjende personar i grender langs Hjørundfjorden slik at naudsynt informasjon vert innhenta.  Fristen for dette vart sett til 14 dagar.  Kjell Rune Klubbenes vil kome med utkast til ei brosjyre som nemnt.

 

Den andre saka som vart drøfta,  var påstandar om manglande informasjon til innbyggarane i fjorden om det arbeidet som styringsgruppa gjer.

 

Det vil ikkje vert sendt ut informasjon i form av brev eller liknande, men rett over påske vil det på redaksjonell plass i Møre Nytt verte omtale av prosjektet så langt.

 

Knut Hustad

skrivar