Kampen vann Sunnylven 4-1. Sunnylven var best i første omgang, og leia 3-0 ved halvtid. Andre omgang vart jamspelt, og til tider hadde Sæbø eit spelemessig overtak mot naboen mot aust. Det var faktisk vanskeleg å sjå at det var to divisjonar  skilnad mellom laga.

Marius Riise, Kai Arne Skår og Lars Urke hadde alle feite sjansar dei kunne og burde ha skåra på.

Dette var Sæbø sin første treningskamp i år, og laget presterte bra.

 

Sæbø IL