De vil der få informasjon om prosjektet, korleis det er tenkt organisert og kva arbeids-/prosjektgrupper som er planlagde. Det trengst mange innsatsviljuge personar i prosjektarbeidet, så vi ber om at de førebur dykk på å gi oss namn på aktuelle kandidatar.

Ein førespurnad frå bondelaget i haust om ikkje hjørundfjordingane burde gå saman i eit bygdemobiliseringsprosjekt, resulterte i eit initiativ frå åtte lag (sjå nede på arket) til å utarbeide søknad om støtte frå dei fylkesvise BU-midlane.

I siste del av november og fram til søknadsfristen 5.desember, arbeidde ei gruppe frå desse laga med søknaden som gledeleg nok vart imøtekome med kr. 200 000,- i støtte med gjennomføringsfrist 01.07.2009. Dei fire som har arbeidd med prosjektskissa og søknaden, er Ivar Svein Mo (bondelaget), Irene Osvoll (helselaget), Kjell Otto Holen (Sæbø grendalag) og Per Atle Røe (kulturvernlaget).

Formålet med desse midlane er å setje i verk tiltak m.a.

  • Kunnskapsheving
  • Haldningspåverknad
  • Trivselstiltak
  • Bulyst
  • Etableringslyst
  • Entreprenørskap

Arbeidsgruppa har i søknaden sagt at gjennom idédugnader, studieturar, miljøtiltak m.v. som fremmer næringsutvikling og bulyst, vil midlane bli kanalisert inn mot to tema med tilhøyrande underprosjekt. Dei to tema er auka sysselsetjing og auka trivsel som igjen gir større bulyst med positiv verknad på etableringslysten og dermed sysselsetjinga. På lista finst heile 36 underprosjekt til desse tema.

Til møtet kjem også Synnøve Valle frå landbruksavdelinga i fylket for å fortelje oss om slike tiltak, kva som er oppnådd av andre og kva vi kan greie.

Vi håper de kan setje av tid til dette viktige møtet der det også vert lagt fram forslag til styringsgruppe for prosjektet.

Du får også kaffi og kaker i tillegg til informasjon og muleg aktiv deltaking.

For Hjørundfjord Bondelag og arbeidsgruppa

Ivar Svein Mo

I førebuande møte har desse lag og organisasjonar vore med:
HJØRUNDFJORD BONDELAG, SÆBØ GRENDALAG, BONDALEN ELVEEIGARLAG, BONDALEN HELSELAG, BONDALEN FRILYNDE UNGDOMSLAG, SÆBØ IDRETTSLAG, HJØRUNDFJORD KULTURVERNLAG, HJØRUNDFJORD SOGELAG