Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar » Ymse

Artiklar frå July 2007 i Ymse

Knut Hustad

31.07.2007

Samekniven

Mange i Hjørundfjorden har den. Den kan brukast til det meste, alt frå opning av hermetikkboksar til vedhogst og oppskjering av blautkake. Vi snakkar om samekniven...

Les heile

[8 kommentarar]

Perry Bjørke

31.07.2007

Kultur og Barn

Bra at det blir satsa litt på barn og kultur.
Barna må få mykje meir kultur inn heilt frå barnehagen.
Veldig bra synest eg i vert fall at det blir brukt litt penger.
Kultursekken er også veldig bra og den støtter vi ungdomslaga gjennom Noregs Ungdomslag.

Eg håper det også blir satsa mykje meir på dans teater og musikk
men då må vi bygge ut kulturhusa og i holde vedlike dei vi alt har.

Les heile

Perry Bjørke

30.07.2007

Bakkedalen/Bjørke

Den store Overgangsturen.
Ungdomslaget har i dag vore i Bakkedalen og satt opp telt med plass til ca 50 stykk
Vi har også køyrt opp uteborda.
Nå håper vi på godt ver.
Les alternativ under vist veret slår seg heilt rusken.

Les heile

Knut Hustad

28.07.2007

Storlaks på kroken

Fleire tusen står i kø, men berre ca. 750 får kjøpt fiskekort i dei gode sonene i Altaelva. Jan Eilif Uglebakken(t.h.) var i år ein av dei heldige som vart trekt ut. Og laks fekk han...

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

27.07.2007

Reisebrev frå Holland

Vi (det er Ollen, Hilde og Silje) hadde tenkt å reise på bobilferie, i staden fekk vi låne husvere med bil i Zoetermeer, Holland, Nederland. Medan vi lånte deira hus, skulle dei låne vårt. Uvant og spennande.....

Les heile

[1 kommentar]

Jakob Hustad

27.07.2007

Ørretfiske i Finnmark

Stanga bøygde seg. Ville ho brekke? Det kom store plask, så eit skrik frå fiskaren om at han hadde på eit stort beist av ein fisk. Pappa kom springande. Fisken var no nesten komt til land. Så slitna sena…

Les heile

[3 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

26.07.2007

Kampoppsett Norway-Cup 2007

Her kjem kampoppsettet for Norway-Cup. Håper mange kan kome å heie på oss!
Dette er ei oppfordring til alle utflytta Hjørundfjordingar/Åmdalingar, slekt og venner som tilfeldigvis oppheld seg i Oslo frå 29. juli til 4. august.

Les heile

[1 kommentar]

Johnny Bjøringsøy

26.07.2007

Festivalkonsert på Bjørke

Festivalkonsert i Bjørke kyrkje
Fredag 27 juli kl 2100
Spanande konsert med mykje jazz og forrykande improvisasjonar!

Les heile

Perry Bjørke

25.07.2007

Bakkedalen

Ta en tur til Bakkedalen
Mat - Musikk -Kultur
Den store overgangsturen
Bakkedalen
31/7 2007
Naturfestivalen
Helsing Skjåstaddalen Fril Ungdomslag

Les heile

Runa Bente Kvammen

24.07.2007

Populært Hjørundfjordcruise!

Det har vært ei rekordhelg for Cruise Service og værgudene har vist seg fra si beste side. Turister fra blant anna Sverige, Italia,Japan, India og Frankrike har latt seg fascinere av den majestetiske Hjørundfjorden med sine massive, sylkvasse tinder.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Riise

24.07.2007

58 år i forskjell på alderen

To stramme karar. Hallvard Mo og Andreas Hustad kom på besøk i fjøstomta ein kveld. Etter at eg hadde teke eit bilete av dei, kom ein kar og gratulerte Andreas med 85 årsdagen. Det er knapt til å fatte.
Kven skulle tru at det er 58 år i forskjell på alderen mellom dei to? Like slanke er dei i alle fall!

Les heile

[1 kommentar]

Sondre Kristoffer Mo

23.07.2007

På tur til Ålesund

Mamma sa at vi skulle på byatur med ”Nordic Sky” Søndag 22. Juli, og det var eg helt med på, men så var det å få med pappa, men det gjekk greit. Men turen vart ikkje som forventa…

Les heile

Trond Åge Osvoll

23.07.2007

Ein liten Quiz.

På eit par hundre meter avstand såg eg dette skiltet. Slike skilt har eg sett før, til dømes då eg var i Sør Afrika og stod på sørtuppen Kapp det gode håp. Det er alltid kjekt å sjå avstanden til London, New York, Moskva og liknande. Neida, på dette skiltet var der ikkje nokon retning til New York, men derimot ei retning til verdas navle, Ørsta/Volda.

Les heile

[4 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

23.07.2007

Litt meir krigshistorie..

I ein kommentar til artikkelen om flyvraket ved Urkekaia, spør Roy-Magne Mo etter bilete av båtane som låg i Norangsfjorden 16. februar 1945. Her er i alle fall ein av dei...

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

21.07.2007

Apropos Messerschmidtjakta...

Det var interessant å høyre om jakta på den tapte skatten omlag 100 meter aust for Urkekaia.
Eg har nettopp fått avfotografert eit par bilete som viser flyet slik det låg på Iva-plattingen i mange år etter krigen...

Les heile

[6 kommentarar]

Jørund Walseth

20.07.2007

Messerschmidtjakt i Hjørundfjorden

Denne fjorden som byr på så mykje over vassflata har nok sine skattar under òg. Restane av ein Messerschmidt frå andre verdskrig, var i alle fall spanande nok å sjå om ein fann. Etter det måtte ein naturlegvis sjekke ut dykkarattraksjon nummer ein i Hjørundfjorden- Lygnstølsvatnet.

Les heile

[15 kommentarar]

Perry Bjørke

20.07.2007

Tyssefossen er liten ennå.

Tafjorden hadde vist fulle vassmagasin.
Tyssavatnet renn ikkje over ennå.
Skal tru kor høgt vatnet er nå.
Sikkert mykje vatn i Tyssavatnet også.
Nokon som veit det?
Håper Tyssefossen får vise seg fram i år også.
Det er eit flott syn for dei som besøker Bjørke.

Les heile

Perry Bjørke

16.07.2007

Rasteplasser

Eg fekk inspel av en ungdom om at rasteplassene ved vegen frå Bjørke til Viddal burde utbedres.
Eg er heilt enig.
Kjekt at dei unge engasjerer seg for bygda.

Les heile

Harald Flatnes

16.07.2007

Morgendagens feriesteder

Eg fann denne artikelen på E24.no. Etter det eg kan sjå har det ikkje vore skrive så mykje om slike utbyggingar på portalen. For bygdeutviklinga må jo dette verte bra med tanke på å dra fleire folk til Hjørundfjorden. For meg som bur på Sørlandet men har anar i Hjørundfjorden er jo dette midt i blinken. Eg håpar at portalen kan skrive om fleire slike prosjekt. Om nokon også har tomter til salgs burde det kunne leggast ut her.

På tettstedet Sæbø i Møre og Romsdal er det prosjektert tre nye ferieleiligheter på 138 kvadratmeter for 1,89 millioner. Leilighetene ligger midt i Sunnmørsalpene. Bildet er en illustrasjon.

På Sæbø har et investeringsselskap fra Oslo meldt sin interesse for planlagte leiligheter til nærmere to millioner kroner.

- Vi har ikke hatt noen lokale som er interessert, men har blitt kontaktet av folk fra Oslo og Bergen. Blant dem er et investeringsselskap som er interessert i å kjøpe objektene for utleie, sier selger Ove Rune Søvik hos Systemhus til E24.

Link til artikkelen: http://e24.no/oppogfrem/article1886504.ece

Les heile

[10 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

16.07.2007

Avganselevar på Sæbø skule.

Desse kjekke ungdomane var i juni ferdige med skulegangen på Sæbø og skal til hausten fortsette skulegangen i Ørsta og Volda.
På avsluttningsfesten på klubbhuset den 20. juni stilte alle jentene i bunad.

Les heile

[3 kommentarar]

Perry Bjørke

15.07.2007

Jektegropa på Bjørke

Jektegropa på Bjørke.
Eg fekk fortalt om denne av Bernt Saure (Fram Saure)
Her ved Vikeelva drog dei opp Trondheimsjektene då det var Trondheimhandel.
Dei har murt opp med stein slik at dei kunne lesse av båtene.
Veg til hest er der også og mitt i muren kunne man sikkert køyre inn med hest å lesse på vognene.
Dei støttet sikkert opp jektene på flo slik at dei stod fint når fjøra kom.
Då kunne dei køyre til med hest og losse/lense båtene.

Les heile

Perry Bjørke

15.07.2007

Ennå fine elver å sjå

Eg tenker av til på dette med kraftutbygginga av små elver.
Eg er for utbygging då vi på bygdene må få lov å livnære oss av dei resursene vi har tilgang på.
Når eg er ute å reiser så blir eg lit i tvil på dette med utbygging over alt.
Det blir trist vist eg ikkje får sjå ei elv som lyser opp i naturen.
Lyden av ei elv gir meg ro og fred.
Her på Øye hadde det ikkje blitt det same uten denne elva.
Kva er navnet på ho?

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

15.07.2007

Gammal Bru på Øye

Bra at det finnes gamle bruer igjen.
På Raustadmyrene er der ei gammal steinbru.
Denne brua på Øye er også fin synest eg.

Kva tid blei ho bygd?

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

13.07.2007

Skårakjerringa veks

Vi presenterte ei førsteutgåve av Skårakjerringa 5. juli - slank og lettbeint - slik ho tedde seg 1. juli. Dette er ein formasjon i breen under Skårasalen slik vi ser den frå Urke.


Les heile

Knut Hustad

12.07.2007

Blomsterquiz - 7

Kva heiter denne blomen?

Dette er den siste oppgåva. Kanskje ikkje så vanskeleg denne gongen, men den står i desse dagar i vakker bløming...

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

08.07.2007

Blomsterquiz - 3

Kva heiter denne blomen?

Denne finn du nok ikkje langs bilvegane våre, men fleire har nok sett den ein så fin dag som vi har hatt i dag...

Les heile

[3 kommentarar]

Ivar Svein Mo

08.07.2007

Sydenstemning på Sæbø.

På laurdag 7.7. var det sydentemperatur og vèret var godt egna til gode vener å kome saman for å nyte god mat og god drikke i fjøra i Sandvika på Sæbø...

Les heile

Kari Stokke

05.07.2007

Vêrfenomen

Når sola går ned utafor Hjørundfjorden kan det oppstå trolske stemningar i Nordfjord.

Les heile

Knut Riise

05.07.2007

Godverstegn

Eit av dei sikraste godverstegna for neste dag, er når sola skin inn gjennom fjorden om kvelden.
"Ja, i morgå fæ me kaste såtene guta. Sjå sola, kor ho kjøme inngjønå fjordinj." Det sa han Larsa-Ole når kvelden viste seg slik.

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

05.07.2007

Dykking

Hjørundfjorden har også mykje å tilby turistene under vann/sjø
Noen i Hjørundfjorden som driv med Dykking?
Eg har intrisert meg for dykking tidligere då det er mykje fint i sjø og vann.
Har nokon bilder dei har tatt under vann?
Eg var i det millitære sammen med Per Eide
Eg gjekk fotokurs då og fekk lære litt.
Eide har tatt bilder både over og under vann.
Eg veit ikkje om han har våre i Hjørundfjorden.
Vi bør også huske på det vi har å tilby innenfor dykking i Hjørundfjorden.
Den har sikkert mykje fint under vann også å tilby turistene.

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Hustad

04.07.2007

Holehunden

Trufast dukkar han opp kvar sommar, men etter kvart forsvinn han utan dei store faktene. Vi snakkar om Holehunden...

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

03.07.2007

Vikeelva uten fisk.

Vikeelva nesten uten fisk.
Noko må gjerast og det fort.
Bilde eg legg ved er frå Vikeelva /vassenden ved Brusletta.
Her står fisken ei stund før den går fram i vatnet.
Den stod i rekke og rad her før.
I går såg eg ei krede her.
Kvar er fisken?

Les heile

[2 kommentarar]

Statistikk

1061 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 54 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

897 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2793073 besøk og 23602347 visningar totalt