Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar » Ymse

Artiklar frå October 2007 i Ymse

Hermod Velle

31.10.2007

Gjensynsglede i Langsæterdalen

Mest kvart år er det ei eller fleire av søyene til Else og Hermod Velle, som fell i freisting til å gå over til dei grøne liene i Langsæterdalen. Fjella mellom sætrehamna vår i Vellesæterdalen er utruleg nok ikkje umoglege å forsere.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

31.10.2007

UNDERVERKET i Langsæterdalen

UNDERVERKET sender tankane tilbake til forteljingar frå Bibelhistoria.

Men denne gongen skal vi ikkje til Jødeland. Derimot til Langsæterdalen aust for Urke, forbi sætra, vidare innover forbi Storevatnet og Isavatnet og på veg opp Steinreset - ikkje den vanlege råsa, men lenger vest - opp mot stigninga mot Slogen.

Les heile

[3 kommentarar]

Sølvi Britt Skylstad

30.10.2007

Geiranger og Rauma i Hjørundfjorden.

Sondre Kristoffer Mo har gjort mye flott journalistisk arbeid og fått oss til å huske/ bli interessert i gode ,gamle båter. I en kommentar til artikkelen hans om gamle Geiranger står det at Geiranger ble satt inn i rute på Hjørundfjorden når Rauma var på overhaling. (Kilde :Sverre Bjørke , les tidligere artikkel på Portalen).
Her dokumenterer Hallstein Stennes dette med sitt flotte vinterbilde av Geiranger med Urke i bakgrunnen. Det andre bildet er av trofaste Rauma,Fjordabåten der Hallstein arbeidde i sin ungdom.
Kjekt med fjordabåtene som ifølge A. Klæbo -tråkla seg innover Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

29.10.2007

Slektsgransking

OPE møte for slektsgranskarar.

DIS-Møre og Romsdal arrangerer laurdag 17.november eit ope møte om slektsprogrammet Legacy på Høgskolen i Ålesund. Målgruppe er alle som arbeider med eller har planar om å starte med slektsgransking og som nyttar IT-verktøy i arbeidet.

Les heile

Rune Sæbønes

29.10.2007

Havanna-sigaren - ei nyting

Han er dyr, han er eksklusiv. I USA er han forboden, og med stadig sterkare søkjelys på skadane av tobakksrøyking har han vorte meir sjeldan i Europa også. Vi snakkar om Havanna-sigaren, kanskje Cuba sitt fremste varemerke.

Hjørundfjordingen Rune Sæbønes har vore ein tur til Cuba, og i ein artikkelserie framover vil han både her på hjorundfjord.no og i Møre-Nytt dele sine opplevingar med lesarane. I dag handlar det om sigarar.

Les heile

[3 kommentarar]

Ann-Helen Sørhaug

29.10.2007

Kafé utan musikk

I går ettermiddag skulle Bjørke Hornmusikk og Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag saman arrangere musikkafé på Haukly. Men på grunn av raset som hadde gått mellom Saure og Bjørke, vart det eit nokså amputert arrangement utan musikk.

Les heile

Kjartan Alnes

28.10.2007

Nå eller aldri!

Utgangspunktet var en kano og litt galskap av en bygdetulling. Skulle man teste nye aktiviteter og ideer var dette rette tida.

"Dette må vi få meir av! Holdt på å le meg ihjel! No veit eg korleis ein gal, gammal bygdetulling ser ut også ;-)"
Unn Frøland

Les heile

[7 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

27.10.2007

Open dag på Hjørundfjordheimen!

Hjørundfjordheimen inviterar til open dag fredag 2. november 2007.
Bygdefolk, slekt og venner er hjarteleg velkomne til ein triveleg dag på "heimen".

Les heile

Knut Riise

26.10.2007

Sæbø Storfe sitt gjødsellager..

Høg grunnvasstand laga ein del problem for oss etter alt regnet i haust. Og til slutt måtte vi få ut vatnet for å kunne arbeide med armering og støyping av botnen.
Eg tok ein god del bilete av dette, då det aldri har vore eit så fint vatn på Rise før.
Eit av desse bileta var spesielt fint, og eg har brukt det som skrivebordbilete ei stund. Eg var klar over at det var eit av dei beste avtrekka eg har gjort. Difor sende eg det inn til Nationen sitt helgemagasin som bidrag til ukens blinkskudd. I dag kom resultatet.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Riise

24.10.2007

Frå Bosnia til Rise med stål.

Då eg har dei fleste av etterkomarane mine langt borte,og det har kome ynskje frå andre som ikkje bor her, har eg tenkt å legge inn nokre artiklar i samband med bygginga av samdriftfjøsen på Rise. Så får heller administrator bremse når han synest det er nok.

Mandag kveld og tysdag morgon fekk vi stålet som skal danne konstruksjonen i bygninga.
Første trailer hadde ein frå Bosnia som sjåfør, og kunne ikkje språk som vi kunne kommunisere på. Han vart guida til Rise via ein frå Smith Byggern og ein bosniar på Austlandet som snakka norsk.

Les heile

[5 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

24.10.2007

Før KM-finalen - historikk

Komande laurdag kl 14:00 skal det avgjerast kven som tek KM-tittelen i 6. Divisjon 2007. Sæbø vann første kampen 2-1 borte, og har dermed eit solid utgangspunkt med tanke på at laget spelar på heimebane. I årets sesong har nemleg Sæbø vunne samtlege 10 heimekampar.

Les heile

Bodil Skare

19.10.2007

Takk for i år!

Ja no er trimgruppa sine organiserte måndagsturar ferdige for denne sesongen.
Det har vore svært godt oppmøte, spesiellt tidleg på sesongen og på fineversdagar.
Det siste har det vore lite av.
Desse to siste måndagane var det Rekkedalsetra, og Rognestøylen som var målet.

Les heile

[1 kommentar]

Sondre Kristoffer Mo

18.10.2007

Sommarferien min med Skibladner

Her er sommarferien min med Skibladner, egentlig var det berre nokre dager for å hente ein bil. Eg hadde akkurat sett eit program om Skibladner, så eg var veldig interessert i å få sjå den, og å reise med den. Sidan vi skulle til Lillehammer så fekk eg endeleg ønske mitt oppfylt....

Les heile

[1 kommentar]

Rune Mo

17.10.2007

Ledige bilettar på bacalaokveld

Det er mange ledige bilettar på grendahuset. Kom igjen folkens vi stiller med godt å drikke og fin dansemusikk frå dansebandet Phono. Stig Ulvestad som er gitarist har spelt frå scena og i teltet på Hjørundfjorddagane. Det er dyktige musikarar som skal underhalde oss etter eit fortreffeleg måltid. Hvis dette vert ein suksess så tek vi ta ein ny fest neste år også.

Prisar:
Mat og dans kr. 250
Berre dans kr. 200

Påmelding og bilettar får dokke på Bellingen

Vel møtt dette vert moro......

Les heile

Bodil Skare

17.10.2007

Markens grøde!

No er potetene oppe av jorda og trygt i hus.
kvart år har vi i Risefamilia dugnad på ein solid potetåker, til glede og forargelse for små og store i slekta.
Det er ikkje mange att som har eigen åker, det var og endel år vi og hadde berre "kjøpepotete", men no har dette vorte ein årviss tradisjon der Gunvor held oss med kaffimat, og små og store grev i molda.

Les heile

[6 kommentarar]

Håvard Myklebust

16.10.2007

Ramsau am Dachstein

Snøen har alt byrja å kome i fjellet og vinteren nærmar seg. Likevel tok to skiløparar og ei aktiv mor frå Hovdebygda IL av frå Vigra med fly søndag morgon før haustferien , med Salzburg i Austeriket som mål.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

14.10.2007

På fotballcup i Austefjorden

Søndag reiste Sæbø I.L. på fotballcup i Austefjorden med lagene født i 1997 og 2000. Foreldre og besteforeldre var med som supportere og eldre søsken var kjempeflinke til å dirigere fra sidelinjen.
Fotball er sosialt!

Les heile

Alf Ole Aarseth

13.10.2007

Sæbøveteranar på tur til Førde !

Sist helg var det klart for årets veterantur for tidlegare spelarar på Sæbø A-lag. Årets tur var den sjuande i rekkja, og veterankomiteen Audun Lyshagen og Arnt Egil Hjellen hadde valt Førde som reisemål. Nokre veteranar var i utgangspunktet litt skeptiske til Førde. Var der fotballbane ? Var der hotell ? Var der i det heile mogeleg å ha nokon form for sportslege aktivitetar tilpassa spreke veteranbein ?
Eller var Førde berre eit lyskryss ?
Nokre tvilsame kommentarar her på Portalen hadde til og med ymta frampå at der kun var betongveggar i Førde….

Les heile

[18 kommentarar]

Knut Hustad

12.10.2007

Ingen lam, men...

Sauebønder brukar gjerne mykje tid på å få heim dei siste dyra, men kva gjer ein når lamma heller ikkje denne gongen er å finne? Tja, er vêret fint, kaffien varm og jenta vakker, ja, då er det vel berre å prøve med eit frieri?

Les heile

[3 kommentarar]

Per Atle Røe

08.10.2007

Kvifor klyngetun på Bjørke

Det er mange gode grunnar til å satse på etablering av nye gardstilknytta klyngetun. Klyngetuna kan styrkje busetjinga i ei grend eller bygd, og skape gode bukvalitetar for både born og vaksne. Fortetting i nærleiken av eksisterande bygningar kan også sikre samanhengande jordbruksområde og kulturlandskap. Klyngetuna kan i tillegg vere grunnlag for næringsutvikling på gardane. Nye bustader i nærleiken av gardstun kan også gje fleire menneske nære band til landbruket.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Mo

08.10.2007

Bacalaokveld på Grendahuset

LAURDAG 20.OKT.-07 FRÅ KL.20.00
SERVERING FRÅ KL 21.00
Billettar kjøper ein på bellingen

Bacalao og fest kr. 250
Berre fest/dans kr. 200


Som alle veit må taket på grendahuset fiksast. Dette vart utsett til våren 2008.
Det seier seg sjølv at dette vil koste mykje pengar, og difor prøver vi no å skaffe inntekter – og ikkje minst lage ein triveleg kveld for bygdefolket!

Vi arrangerar difor ein dans der ALT overskotet går til taket.

Og for å gjere noko anna så fekk vi nokre bacalao-entusiastar til å lage bacalao…….høyrtes ikkje DET spanande ut?

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

08.10.2007

Vakre Maradalen

Sauemannen, båtføraren og fjellføraren Ola tok det oppatt på nytt: "Pass på så du ikkje går for langt opp". Så var det akkurat det eg gjorde - gjekk for langt opp...

Les heile

[7 kommentarar]

Stig Helset

03.10.2007

Kolåsbreen

Det har vore ein lang og grå seinsommar, men nett når det ser så mørkast ut, er det duka for haustens vakraste eventyr; ein klatretur til Kolåsbreen.

Les heile

[5 kommentarar]

Bodil Skare

02.10.2007

kvinner på randen, ved Rundabranden!

I dagar og månadar he me jobba og slete,
og gråver he det vore, ja fryktelig med vete!
Ingvild og Ann Helen, dei sette opp ei liste,
Kven vil på tur? dette må vel friste?
Frå Hjørundfjordheimen elleve damer skreiv seg på,
Kan hende ein tur uten regn, me kan få?
Overnatting på Runde fyr,
dette var som eit eventyr!

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

02.10.2007

Hausttur på gamlevegen!

Måndagsturen denne gongen gjekk på Gamlevegen frå Villane til Eidet.
Vi var sju som møtte, Fredrik var sporty og var kjentmann fyrste delen.
Her er det ei kjapp pause på brua ved Valset.

Les heile

Per Urke

01.10.2007

At det går an....!

Ein kan le seg skakk av mindre....!
Hjørundfjordportalen er eit seriøst organ, men eit visst rom for galskap finst vel og i dette forumet??!!
Det er heilt tilfeldig at eg har valt "Fjord Øye"-ferja som oppslagsbilete, det kunne like godt ha vore "Nørvøy" eller "Veøy"...
Men vil du bli med på galskapen, må vi vende blikket mot det maritime miljøet slik Øyvind Krøvel ser det i "Klypa 2007"....

Les heile

[3 kommentarar]

Statistikk

1061 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 57 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

897 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2793073 besøk og 23602342 visningar totalt