Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar » Ymse

Artiklar frå October 2006 i Ymse

Rune Sæbønes

31.10.2006

Nr. 1 - Den nye rutebåten

Det var nok fleire som stussa då Per Olav Moldvær i reiarlaget CruiseService for eit par år sidan lanserte tankar om ein rutebåt til Hjørundfjorden frå Ålesund. Kva kunne vere vitsen med dette? Rutebåten vart jo lagt ned i 1965 fordi det ikkje var grunnlag. Men Moldvær såg potensialet i Hjørundfjorden som reisemål. 1. juli var første tur for rutebåten Nordic Sky. Tiltaket vart etter kvart godt teke i mot, med til saman over hundre passasjerar dei beste dagane. Hjorundfjord.no kårar rutebåten på Hjørundfjorden som årets beste sommarnyhende.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

30.10.2006

På fest med Bruce Springsteen

Søndag var det fest på lokalet. Ikkje i Hjørundfjorden, men i Oslo Spektrum. Fleire hjørundfjordingar var til stades då Bruce Springsteen inviterte til tidenes haraball. Det vart ei oppleving dei tilstadeverande seint vil gløyme.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

28.10.2006

Nr. 2 - Christian Gaard Bygdetun

Christian Gaard ligg som mange veit i idylliske omgjevnadar på Trandal i Hjørundfjorden, og stikk velfortent av med andreplassen i kåringa av årets sommarnyhende med si nyskapande og sterke vilje til å overleve.

Les heile

Kari Hame

25.10.2006

Biblioteket på Sæbø

Bygdemobiliseringsprosjektet har som mål å skape bulyst, gode levekår og arbeid for dei som allereie bur her eller som kanskje snart vil flytte til Hjørundfjordområdet. Det er snakk om å ta tak i eiga utvikling, skape noko nytt, og ikkje minst, auke trivselen. Ikkje berre det å skape noko nytt, men også det ein allereie har, må takast vare på, og i denne samanhengen vert fokus sett på biblioteket vårt.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

24.10.2006

Quiz - kvar er dette?

Spørsmålet er kort og godt: Kva er dette? Litt hjelp kan vi gje. Fotografiet er dagsferskt. Det er ikkje brukt vidvinkellinse eller telelinse. Svaret vert venta i kveld.

Les heile

[8 kommentarar]

Rune Sæbønes

21.10.2006

Hugs tv-aksjonen

Hugs tv-aksjonen søndag. I år går dei innsamla midlane til organisasjonen Legar utan grenser. I Hjørundfjorden kjem det bøsseberarar til alle bygder. Nokre har tjuvstarta, slik at innsamlinga frå Standal til Brattheim alt er ferdig.

Les heile

Rune Sæbønes

20.10.2006

Nr. 4 - Turistskipa tilbake i fjorden

Tjue turistskip vitja Hjørundfjorden i sommar. Det var ei dobling i høve fjoråret. Same korleis det vert arbeidd for turistskipkaier i andre bygder: Turistskipa i Hjørundfjorden er ein institusjon. hjorundfjord.no kårar tilbakekomsten av turistskipa til fjerde beste sommarnyhende

Les heile

Knut Hustad

18.10.2006

Kva er dette?

Det er nok feil å kalle dette ein quiz, men likevel: Kva er dette? Det er Thomas Hustad som har fått denne reiskapen av Ansgar Kvistad, men kva har han fått?

Les heile

[12 kommentarar]

Bård Dahle

18.10.2006

Storkonsert i Hjørundfjord kyrkje

Laurdag 28. oktober kl. 16 bør hjørundfjordingane sette av til det som truleg er ein av dei største konsertane som har vore på Sæbø på lang tid. Då vil nemleg dei 60 songarane i Høgskulekoret og dei 40 musikarane i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda framføre to store, melodiøse og publikumsvennlege kyrkjemusikkverk i Hjørundfjord kyrkje:

Les heile

[4 kommentarar]

Hilde Muren

17.10.2006

På tvers av aldersgrensene

På Sæbø møtast barn frå barnehagen og pensjonærar frå aldersheimen jamnleg til felles aktivitet. Eit samarbeid som både Sæbø barnehage og Hjørundfjordheimen set stor pris på.

Les heile

[1 kommentar]

Unn Frøland

15.10.2006

Quiz- greier dokke denne?

Tenkte eg skulle prøve å setje fast brukarane på hjorundfjord.no med å spørje kva hesterase dette er. Biletet er teke i Norge, og eg vil kome tilbake med opplysning om kjelde når oppgåva er løyst. Lykke til:)
EG HAR NO LAGT TIL EIT FARGEBILETE

Les heile

[15 kommentarar]

Knut Hustad

14.10.2006

Quiz - kvar er dette?

Der er ikkje alle av oss som ser på fjelltoppar heile tida - eller studerer småkryp i vegkanten. Her er quizen for ein typisk "søndagsturkøyrar". Kvar er dette?

Les heile

[3 kommentarar]

Ivar Svein Mo

14.10.2006

Snøbreane er små i år.

Vi såg i går her på portalen ein artikkel frå ei nesten snøfri Olavshole, rett ovanfor Sæbø.På Vestsida av Storhornet ligg Moagjølet med ein isbrèe som er rekna for å være usmelteleg men i år...

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

12.10.2006

Forsvinn snøen i Olavshola?

Torsdag 12. oktober var det berre ein liten flekk snø igjen i Olavshola. Vil den vesle breen forsvinne heilt i løpet av hausten? I så fall vil det truleg vere første gong sidan krigsåra.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

10.10.2006

Quiz - dyr.

Vart Roy-Magne sin quiz for vanskeleg for oss? Her kjem nok ein lettare variant. Er den for lett kan dei yngste få svare. Spørsmålet er altså: Kva slags dyr er dette?

Les heile

[16 kommentarar]

Hilde Muren

10.10.2006

Når det brenner

Når det brenne’ - når det brenne’
Kva gjer vi da - kva gjer vi da?
Går roleg ut av huset - går roleg ut av huset
Og står i ro – og står i ro.

Les heile

[5 kommentarar]

Per Atle Røe

04.10.2006

Wokka geit - ny tradisjonsrett?

Wokmat – den orientalsk mattradisjonen får etter kvart sterkare fotfeste i Norge. Oftast oppfatter vi wokmat som mat frå fjerne Austen med råvarar derifrå. Det treng ikkje å vere slik. Vi kan snu på flisa og kalle dette ein eksklusiv måte å lage mat på – ein måte som kan nyttast i utvikling av lokal tradisjonsmat. Woking vert då ein interessant kokkeleringsmåte å nytte lokale råvarer på.

Les heile

[2 kommentarar]

Ivar Svein Mo

02.10.2006

Etterlysning, vi treng hjelp

Hallo, den siste frist for å levere stoff til årets årsskrift til Hjørundfjord Sogelag er der snart, og vi manglar bilete...


Bilete til høgre er ei smijernshengsle frå Hjørundfjord gamle stavkyrkje.

Les heile

[3 kommentarar]

Statistikk

1072 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 30 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

438 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2913745 besøk og 24377084 visningar totalt