Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Natur

Hjørundfjord Oversiktbilde fra Ytre-Standal (E.A.Tvergrov)

Hjørundfjorden har ein storslått natur. Her vekst dei villig, fleire artar som rett og slett ikkje skulle vore så langt nord i Europa. I lia kan du sjå hjorten. Gaupa har vore i fullt sprang over hyttetaket, jaga av huskatten. Ørna seglar over oss.

Kvasse tindar, taggar, sylar og tårn reiser seg rundt heile Hjørundfjorden. Dette er nunatakker, fjell som stakk opp gjennom isbreen i istida. Frost og is har sprengt i mange tusen år på desse toppane. Dermed har de vorte så sterkt forvitra og har fått slike underlege former, sprengt av nedbrytningskreftene. Me kjenner dei som Sunnmørsalpane.

Kven kom fyrst opp?
På Håkon den Gode si tid (934-961) kom ordninga med å bygge varder. På disse “vetene” skulle det alltid ligge tørrved, og det skulle vere vakt i både krig og fredstid. Kor lenge og kor strengt dette vart handheva veit vi ikkje. Men så seint som i krigsåra 1807-1814 var nokre av vetane i bruk. Dei stod ikkje alltid på tindane, men eit stykke oppe i fjellet.
Leknesveten på Leknesnakken og veten på Festøykollen er to slike. Kunne det vere slik at vardevaktene klatra som dei fyrste opp på toppane her? Eit folk som kjempa for det daglige brød hadde lite å gjere oppe på dei nakne toppane berre for utsikta og turen sin skyld.

Frå 1886 vart det opna sommarrute med dambåt Hellesylt, Geiranger, Ørskog til Hjørundfjord. Fram til då hadde det vore ein strabasiøs tur å kome hit. No kunne turismen settast i system. Engelskmenn kom tidleg hit saman med nordmenn og andre som hadde betre tid og råd til å sjå seg om enn dei som budde her. Det var desse som fyrst gjekk inn for å oppdage Sunnmørsfjella og som insiterte på å kome seg heilt til topps.

Me som bur her, gjekk nok kanskje opp tilfeldigvis, eller vi var med dei som kom hit som kjentmenn. Å ta seg systematisk opp til fjellttoppane fordi ein hadde tid og synest det var morosamt - det låg ikkje for oss som budde her. Men vi har teke det igjen siste åra, får ein vel seie...   

Oppretta 12.11.2007 00:55 av Tor Eirik Trandal.
Endra av 17.09.2016 09:10 Tor Eirik Trandal.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

23.mars
(Sæbø bedehus)
25.mars
(Sæbø bedehus)
26.mars
(Sæbø bedehus)
(Hjørundfjord kyrkje)
27.mars
(Gymsalen sæbø)
29.mars
(Sæbø - klubbhuset)
31.mars
(Bondalen grendahus)
1.april
(Grendahuset)
3.april
(Gymsalen sæbø)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1031 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 32 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

453 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2413289 besøk og 20847891 visningar totalt