Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar » Natur

Artiklar frå July 2010 i Natur

Stig Helset

31.07.2010

Austegga på Kvitegga (1717 moh)

Skituren frå Snødalen til Kvitegga er vidgjeten mellom dagens fjellfolk. Men ikkje alle veit at dette høgste av fjella i Sunnmørsalpane også byr på ei flott klatrerute. Sommaren 1900 leidde den kjende engelske fjellpionèren William C. Slingsby det første klatrelaget som kleiv den steile og kvasse austegga på fjellet. I tiåra som fylgde blei denne flotte klatreruta repetert av ulike engelske og norske klatrelag som heldt til på Hotel Norangdal. Etter at hotellet stengde dørene i 1960, dabba interessa for austegga av. Men no har hotellet opna att, og vi vart lovde boblebad, trerettars middag og Slogen-øl om vi klarte å reopne denne 110 år gamle klatreruta som startar like ovanfor det fantastisk flotte Villa Norangdal på Fivelstadhaugen. Det er klart vi takka ”ja”.

Les heile

Hildegunn Mork

27.07.2010

Storetinden

Storetinden 1408 eller Gjuratindane som den også vert kalla er det nest høgaste fjellet i Volda.
Det er fire normale ruter som fører til toppen. Frå Rognestøyldalen i Bondalen, frå Bakkedalen på Bjørke, frå Kvanndalen og frå Fyrde i Austefjorden

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

24.07.2010

Styggeversfjorden

Det er no når finvêret har kome eg torer å seie det: Hjørundfjorden er sjeldan vakker i styggever.

Les heile

Statistikk

1072 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 35 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

692 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2915530 besøk og 24390977 visningar totalt