Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar » Natur

Artiklar frå April 2010 i Natur

Knut Hustad

23.04.2010

Nordre Grøtdalstind - 13?? m

Ikkje er den høgst, ikkje er den særleg lett å gå opp på, men utan tvil er Nordre den tøffaste av dei tre Grøtdalstindane...

Her ser vi Trond Haugland(t.v.) og Fred Ingar Somby.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

15.04.2010

Blæja/Lissjenibba - 1420 m

I påska nådde DNT-sjef Kristin Krohn Devold målet sitt - det 1420 m høge fjellet Blæja. I går var det tid for oss til å trakke i spora hennar...
Til høgre ser vi Olav (Haugen) på denne fine skitoppen i Norangdalen. I bakgrunnen ser(?) vi ut den vakre Hjørundfjorden.

Les heile

[7 kommentarar]

Stig Helset

12.04.2010

Påske-linjer

Etter at det skein av på ettermiddagen skjærtorsdag, fann eg og læresveinane mine ut at vi ville leggje nattverda til Patchell-hytta. Vi nådde nett fram før det mørkna - etter ein heller tung tur opp Skylstad-brekka. Men i motsetnad til Peter, sette ikkje Åsmund seg på bakbeina denne gongen. Til gjengjeld vaska eg føtene hans når vi var vel framme. Eit par timar seinare skimta vi ei hovudlykt på veg opp Habbostaddalen, noko som tydde på at også den andre læresveinen, Benjamin H., hadde funne den rette vegen. Den lange fredagen starta med stiv kuling og snøføyke, men slutta langt lukkelegare for meg og læresveinane enn for han i analogien. Vi fekk nemleg køyrd ei påske-linje som lenge har stått på programmet - i puddersnø. Ho startar like under toppen av Store Brekketind og hellar på det meste kring 50 grader 300 høgdemeter beint ned på exiten på Gullmorbreen (Merka med raud strek på biletet). På slutten av dagen måtte eg gjere vendreis, men læresveinane var byrge nok til å ta seg til rette på ei paralell-linje dagen etter (merka med grøn strek på biletet). Eg kjem kanskje attende med action-bilete når eg får dei frå den bortreiste læresveinen Benjamin. Kan hende blir det også ei skildring av ei linje eg køyrde i Nordre Sætretind tidlegare i påska, i tillegg til eit par bilete av årets X-Tind-trase.

Les heile

Knut Hustad

08.04.2010

Kolåstinden - Kongen av Sunnmørsalpane

Mange brukar store ord om den 1432 m høge Kolåstinden - med rette. Du kan gå nærast på kva topp du vil i den komande storkommunen Ørsta/Volda, Kolåstinden ser du alltid i det fjerne. Vi heidra toppen med ein tur i påskeveka og snart får majesteten vitjing av X2...

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Riise

01.04.2010

Uvanlege vintrar

Vi har snart lagt bak oss ein hard og spesiell vinter, som har ført til at det framleis er grunn til å passe seg for fonner høgda.
Vinteren er med god grunn samanlikna med 1979 vinteren då det også var svært kaldt i lang tid rundt nyttårskiftet.
Men snøfattige vintrar i låglandet kan også ha farlege forhold i fjellet.

Les heile

[1 kommentar]

Statistikk

1072 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 35 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

692 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2915530 besøk og 24390976 visningar totalt