Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Artiklar

August 2017

30.08.2017 (Lest 4793 gongar)
_IGP7870b Dalegubben - tilbake på toppturkartet
[Lokalnytt] [Lest 4793 gongar] [1 kommentarar]

1344 meter høge Dalegubben, fjellet ved Sæbø sentrum, er eit av dei beste utsiktspunkta i Hjørundfjorden. Toppen får no eiga offisiell rås og fredag den 1. september klokka 1100 vert råsa opna av Noregs mest kjende sunnmøring, adm.dir i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold...
Les meir...
29.08.2017 (Lest 350 gongar)
008 Turmarsj på Elverampa.
[Sport] [Lest 350 gongar] [0 kommentarar]

Søndag 10 september vert det turmarsj på Elverampa med start frå klubbhuset frå kl 1400.
Ta trimrunda her denne dagen, kos deg med kaffi på Klubbhuset etterpå.

Les meir...
28.08.2017 (Lest 769 gongar)
IMG_0231 Tøffingar på Bondalsbakken
[Sport] [Lest 769 gongar] [0 kommentarar]

Tre tøffe kjelle, sette kursen inni regnbyga mot Bondalsbakken.
Det bles og vart noke vått men friskt DET var det og vi var like blide.

Les meir...
24.08.2017 (Lest 222 gongar)
046 Skulestartdisko!
[Kultur] [Lest 222 gongar] [0 kommentarar]

Det vert arrangert skulestartdisko på grendahuset fredag 01.09
Les meir...
24.08.2017 (Lest 385 gongar)
19366341_10158872141665156_5365834694133176735_n Hjørundfjord fiskefestival
[Kultur] [Lest 385 gongar] [0 kommentarar]

I morgon er vi i gong! Nyvinninga Hjørundfjord fiskefestival skal etablerast som ein årleg tradisjon og vi ser fram til to flotte dagar i verdas flottaste fjord. Vi startar registreringa av deltakarar fredag kl.17, og konkurransen startar! Kveldane vert det øl-servering og musikk, samt høve til å kjøpe seg mat i den gamle dampskipsekspedisjonen på kaia på Sæbø. Kom og nyt fjord, fjell og fellesskap - og bli med å skape kaikultur på Sæbø!
Les meir...
23.08.2017 (Lest 706 gongar)
Det gode liv Nilsbuda stengjer for i år
[Lokalnytt] [Lest 706 gongar] [0 kommentarar]

Det går mot slutten av august månad og Nilsbuda førebur seg på å stengje for denne gong.
Vi har hatt ein heilt fantastisk sesong og takkar alle som har vore innom oss.
Om du ikkje har tatt turen tidlegare i sommar har vi framleis mykje fint i butikken og held ope laurdag 26. og søndag 27. august kl. 11.00 - 16.00.
Og svelerøra, den vert sjølvsagt klar!

Det vert ellers mykje aktivitet på Sæbø fredag og laurdag, då eigarane av Sæbø Dampskipsekspedisjon (Dampen) arrangerer Hjørundfjord fiskefestival 2017.

Les meir...
25.08.2017 (Lest 1025 gongar)
CIMG0053 (2) Hjørundfjordheimen på rekebord.
[Folk og bygd] [Lest 1025 gongar] [0 kommentarar]

Som seg hør og bør vart det rekebord på bebuarar og personalet ved Hjørundfjordheimen i år også.
Eit bugnande festbord med utruleg god mat.

Les meir...
26.08.2017 (Lest 587 gongar)
CIMG0028 (2) Hjørundfjordheimen på hjortefarm.
[Folk og bygd] [Lest 587 gongar] [0 kommentarar]

Ein dag bestemte vi oss for å sjå nermare på hjortedyra som er på Hovdenakk Hjort a/s.
Vi avtalte med eigaren, ja dette vart ein spennande tur.
Det er ikkje berre statsrådar som likar slikt.

Les meir...
24.08.2017 (Lest 1151 gongar)
CIMG0013 (2) Ein sommar er på hell.
[Folk og bygd] [Lest 1151 gongar] [0 kommentarar]

Med eit sommarbilde frå ein av ei flottaste dagane med sol og varme, viser vi litt "klipp" av sommaren som no er på hell.
Les meir...
22.08.2017 (Lest 528 gongar)
yogacatz-500x298 Eit supert treningstilbod!
[Sport] [Lest 528 gongar] [0 kommentarar]

Vi satsar på at folk er klar for å halde seg i form med trening i gymsalen utover hausten. I år har vi enda fleire ulike treningstilbod, men vi må ha bra oppmøte for å få det til. Hugs å set av tid i kalendaren:)
Les meir...
22.08.2017 (Lest 143 gongar)
plakat konsert vartdalstranddagane 2017 Vel møtt til familiekonsert fredag 25.august kl. 18.30 på Vartdal!
[Kultur] [Lest 143 gongar] [0 kommentarar]

Komande fredag 25.august inviterer Sæbø skulekorps/generasjonskorps, Dalane skulekorps, Hovden og Ørsta skulekorps og Vartdalstranda generasjonskorps til ein kjempeflott konsert på Vartdalstranddagane i VD-hallen kl. 18.30. Vi håpar mange har lyst til å kome å høyre på :)
Les meir...
22.08.2017 (Lest 369 gongar)
IMG_0224 Stokkesetra og Klokkura.
[Sport] [Lest 369 gongar] [0 kommentarar]

Etter ei regnfull helg vart der finevèr på måndagsturen vår.
Råsa var nok blaut somme stader men turen vart fin den.

Les meir...
20.08.2017 (Lest 116 gongar)
Hjørundfjord Filmteater Septemberprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!
[Kultur] [Lest 116 gongar] [0 kommentarar]

Alle barnas favoritthistorie, underhaldande New Zealandsk komedie og viktig dokumentar om flyktningekrisa på din lokale filmklubb i september!
Les meir...
15.08.2017 (Lest 221 gongar)
20031742_10158993993170564_5706402412590973223_n Velkomne til veterankøyretydag
[Folk og bygd] [Lest 221 gongar] [0 kommentarar]

Follestaddalen idrettslag og Follestaddalen ungdomslag inviterer alle Hjørundfjordingar til veterankøyretydag søndag 17 september frå 12 -16.
Les meir...
14.08.2017 (Lest 538 gongar)
IMG_0189 Grøthaugen
[Sport] [Lest 538 gongar] [0 kommentarar]

Grøthaugen viste seg frå si beste side då vi tok turen opp i dag.
Ein lettbeint og lystig flokk fekk ein triveleg tur i godt vèr.

Les meir...
13.08.2017 (Lest 140 gongar)
Hjørundfjord Filmteater Haustprogrammet Hjørundfjord Filmteater!
[Kultur] [Lest 140 gongar] [0 kommentarar]

Utekino på Kapteinkvia og heile ni andre framsyningar i haust!
Les meir...
09.08.2017 (Lest 554 gongar)
Fjell kammermusikkfestival Sunnmøre Kammermusikkfestival 2017- Konsert i Hjørundfjord kyrkje
[Kultur] [Lest 554 gongar] [0 kommentarar]

Velkomen til Sunnmøre Kammermusikkfestival 3.- 9.september 2017. I september er det duka for store musikalske opplevingar for alle som er glade i musikk. Konsertar, meisterklassar, foredrag og mykje meir. Årets festival er tileigna Knut Ose sitt minne.

I år har festivalleiinga valgt å leggje den eine konserten til Hjørundfjord kyrkje, noko som gjer oss stolte og glade.
Konserten vert fredag 08.september kl.21.00. Sjå heile artikkelen for program og informasjon.

Les meir...
07.08.2017 (Lest 484 gongar)
IMG_0171 Lønndalsmannen.
[Sport] [Lest 484 gongar] [0 kommentarar]

Lønndalsmannen var turmålet vårt denne måndagen.
Ein fin tur med godt oppmøte men skodda kom og tok frå oss utsikta.regn kom det også rikeleg av, som var meldt.
Likevel hadde vi ein fin tur.

Les meir...
05.08.2017 (Lest 747 gongar)
Sommar Sommarfest på Sæbø
[Kultur] [Lest 747 gongar] [0 kommentarar]

Laurdag 12. august arrangerer Sæbø grendelag sommarfest i Sæbø sentrum.

Det vert sal av mat og lodd og underhaldning ved Mikkel og Marius Riise.

Har du ein artist i deg? Ta kontakt med Øyvind Taklo om du vil opptre på festen (sjå meir i artikkelen).

Grendelaget har tru på godt vér, men Idrettslagsteltet er reservert, så om det skulle kome ei regnbyge eller to vil vi kunne sitje tørt alikevel.

Les meir...

Sponsorar

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
26.nov.
(Sæbø bedehus)
27.nov.
(Gymsalen sæbø)
28.nov.
(Grendahuset)
29.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
2.des.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1049 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 36 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1025 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2662639 besøk og 22568793 visningar totalt